Torsdagen glitrar. Til og med inne, sjølv om det er støvete. Fordi sola skin.
Eg sit her og ventar, på at eg kan eta. I går starta eg på att. Og verknaden var der med ein gong. Så no har eg ein kropp som er på parti. Men eg likar ikkje å putte slikt i meg. Likevel var det fantastisk. Eg var framom mor og far, eg svinsa i rundt, opp og ned av stol, utan kamp.
I dag har eg ikkje heile dagen heime. Det har vore godt med ein heil dag her. Ute og inne….ute i sola for glede og inn for å få vekk støvet.
Denne helga blir vi fleire. Er ikkje heilt sikker på kor mange, men jentene kjem i alle fall.
No skal eg laga min grøne juice. Den skal være reinsande. Reinsar kanskje litt ut av det eg ikkje er så glad for å ta. Trur eg snart har drukke den kvar morgon i ein månad. Den er ein god start på dagen.
Den er laga av:
2 epler, 3 cm squash, 3 cm agurk, 2 cm ingefærrot, 1/3 sitron, ½ selleristong og ein neve spinat
Så puttar eg det i juicemaskina og får ein god, grøn juice ut.
Ein sving innom for å fortelja at det er ikkje noko nytt under sola. I mi verd. Dagane labbar mot haust. Ein venner seg til det også.
I dag har eg vore i Kristiansund. På MR. Desse knea som har gjeve meg avgrensingar på eit blunk-. I dag vart dei skiva opp i avfotograferingar.
Før ærendet hadde eg eit anna ærend.
Planter!
Eg kjøpte meg fleire planter som skal ha god reinsande effekt. Treng det trur eg.
På tur heim kom den lova vinden. Det ruska håra slik at dei sto på kryss og tvers oppå hovudet. Ute på havet fauk sjøen kvitt. Men tura med ferga attende gjekk overraskande greitt.
Heime skein sola gjennom skyene. Laga naturen fantastisk gyllen.
Da eg kom opp der eg bur var fargane vorte enno meir intense.
No drikk eg natt te og gle meg på å krypa under dyna.
“Vil du høyra”, seier ho på telefonen ein dag. Etterpå be eg om at eg må får høyra meir når ho kjem heim.
Ho seier ho ikkje har hatt inspirasjon lenge, men så kom den. Og at ho prøva seg på dialekt.
I helga fekk eg høyra meir. Eg likar så godt når mellomste tek fram gitaren.
“Er det greitt eg spelar på rommet”” seier ho.
Ja, berre døra får stå opa var det greitt. For eg vil høyre ordentleg.
Ho syng om å væra lita. Eg må smila litt over at ho syng om at ho fekk Cola å drikke, som det var drikken. Det var nok ikkje det…..som dei fleste foreldre var eg opptatt av det de små fekk i seg av dei gode byggesteinar. Men på eit vis passa det vel inn i teksten da.
Over helga trefte eg tilfeldig ein som spurte etter henne, han sa han kan tenkje seg å øva inn nokre av songane hennar saman med henne. Det har vore ordentleg artig synes eg.
Vurderte både å reise til Trondheim og køyra mykje rusk på søpla. Men det regnar og kroppen er ikkje på parti.
I dag har eg fri. Eg kan ikkje auka opp enno, det er for mykje som strikar. Det er berre vondtane i ledda. Eg testar, prøver på andre veka utan legemiddel. Må antakeleg tilbake til dei.
Eg har hatt ei svært hyggeleg helg. Mine to eldste og eg.
Vi snakka.
Ikkje om vêr og vind. Men om livet. Om å leva og om verdiar. Om system. Om grunnelement. Kva som vert presentert og kva som er. Korleis alt vert påverka av alt.
Eldstemann fortalte om slikt eg ikkje visste, men hadde kjend likevel. Frå før. Eg fortalte om redsla. For ein har ingen av sine å miste. Eg kan bruka ordet audmjuk her. For det er det eg blir. Når alt som kunne ha gått gale ikkje gjorde det. Når livet ikkje forsvant der det har vore naturleg. Og ikkje rart redsla beit seg fast i kroppen.
For ei tid attende skreiv Lillaskjel om å stå vakt 24/7 her. Den metaforen har eg bruka. Å stå vakt i så mange år har sin pris. Som eg har gjort. Eg er i ferd med å legge frå meg “kikkerten” og gå ned frå “tårnet”. Men at vakta vart så hard har sin årsak. Av og til er det tøft, men det er alltid nokon som har større utfordringar.
Det er godt å kunne snakka saman, kunne reflektera. Og eg lærer også. For det er så mykje eg ikkje veit, sjølv om eg veit meir enn mange om mangt som eg tenkjer ikkje har vore naudsynt eg visste.
Mellomste var litt stille.
“Eg seier ikkje noko fordi det meste blir sagt, men eg tenkjer fordi” sa ho.
Ho kom heim med sår hals og varm panne. Litt upassande fordi ho hadde arbeid å utføra, men med skjerf, C-vitamin og Ibux vart det parkert og dagen etter greidde ho det ho skulle. I tillegg hadde ho skrevet ein ny song og var glad for at det hadde dukka opp inspirasjon. Søndag spela ho, og eg likar så godt å høyra på.
Skal dele den i neste innlegg.
Veggen vart ikkje måla. Men vi samarbeidde om matlaging og dela tida med samtalen. Av og til er det vel så viktig som gjeremåla.
Det regnar.
For litt sidan gjekk det tre rautande kyr forbi. Dei var våte. Dei gjekk opp mot garden dei høyrer til. Ville kanskje inn. Forstår det godt.
Eg vakna forbausande tidleg. Den store kongroa i taket var gått i skjul. Trur den har krabba inn gjennom det opne vindauga på badet, og at den eigentlege heimen hennar er skogen.
Det lukta stramt av skoa som låg til tørk, på baderomsgolvet, etter ein tur for å sjå om det var vatn i brønnane i regnet. Vi har dårleg med vatn og dårleg vatn, så vi har starta ei vaktordning framover.
Eg har starta å kjøpe vatn.
Men det var for tidleg. – Å stå opp. Eg hadde lånt meg ei bok på biblioteket om baking. Om å baka brød med mindre gjær og lengre heving. Derfor var det seint før eg la meg for eg starta å baka for seint.
Så eg la meg igjen.
Da eg vakna eit par timar seinare var dagen godt i gong og klokka viste halv ti. Vekta viste to kilo minus på ei veke.
Det er for mykje på for kort tid.
Eg er i gong med å motvirke alle plagar med nebb og klør.
Maten min er prega av det eg les og å ville få ein friskare kropp. Så frukosten min inneheldt ein reinsande juice og rundstykka med mindre gjær. Begge deler smakar kjempegodt.
Eg er i gong og det er bra og eg er glad.
I kveld kjem mellomste og eldste heim. Eg har ein ciabattabrød-deig til heving. Med lite gjær. Vi må kosa oss. Har sett på oppskrifter av sunt snacks. Men innser at eg rekk ikkje så mykje i timane eg har til bruk. Kampen mot kaninane må takast først. -Hybelkaninane.
Det regnar, så planane om måling i helga står i fare for å regna vekk ser eg. Men ikkje noko er gale utan at det er bra for noko. Det blir vatten i brønnane som vil seia vatten i kranane. Og da får ein dusja, som er bra for velværet og hygiena. Men drikkevatnet fortset eg å kjøpa. Enn så lenge.
Dette er siste feriedagen min. Og eg må ta med meg det eg har starta på inn i framtida. For framtida.
I dag les eg blogg, eg må til med noko anna….. Men ein kan få idear. Og eg fekk lyst til å fortelje -.
Eg kom på ein episode da eg las Karidansen sitt innlegg her. Om slikt som ikkje er direkte til å forstå ut i frå vår naturvitskapelege kultur og tankegong.
For mange år sidan, medan eg budde i Oslo, fekk eg eingong ein ide.
Eg har alltid likt å overraske.
Faren min har fødselsdag i slutten av januar så eg fekk ei intens lyst til å reise oppover for å overraske han og resten av familien. Det var ingen rund dag og eg hadde ikkje det for vane å gjera slikt. Eg hadde aldri gjort det før.
Dette opptok hjernen min slik at eg til og med drøymde om det. Eg hugsa eg tenkte at det ville bli oppfatta, fordi eg tenkte så mykje på det -.
Flybillett vart bestilt….. ein kostnad for ein student. Ikkje gjekk det buss heilt fram heller. Så dei siste åtte, ni kilometra måtte eg gå. Det var mørkt, barfrost og det susa i furuskogen. Eg var ikkje av dei modige og skvatt skikkeleg da det kom ein joggar og sprang forbi meg der i mørket.
Da eg endeleg kom fram gjekk eg opp på terrassen og såg inn i stova. Der såg eg familien min i aktivitet. Eg knakka på vindauge. Den første som fikk augo på meg skvatt skikkeleg og vart heilt kvit i ansiktet.
Men mor vart ikkje overraska.
Ho hadde heile dagen hatt i tankane at eg kom heim. Ho hadde stoppa seg sjølv kvar gong tanken kom, med at så klart kom ikkje eg. Men så var tanken der att.
Eg bruka berre reise heim til, jul, påske og sommarferien.
Ho hadde teke opp tanken min og kjend på seg at eg kom heim utan at det var nokon logikk i det. Utanom tankeoverføring.
Det er ikkje godt når kroppen på ein måte seier stopp. Når mykje av det ein skal gjera luggar i vondtar. Vi opplever det dei fleste av oss. Etter som åra går -.
For å seia det med ein gong, eg synest kroppen skal virke og at eg synest slike plager et uinteressant og kjedeleg. Så eg må orsaka innlegget mitt.
Men likevel, det er og kjedeleg når kroppen ikkje er med på det ein vil……så ein fortset å gå til lege.
For eg vil virke. Helst godt.
Med meg vart kroppen uvenner med etter eg fekk barna. I ein periode var det ei dagsreise å kome seg ned dei to etasjane til vaskemaskina. I dag trur eg det kan samanheng med at eg køyrde eit hardt løp for å få barn, med to seinabortar før eg lukkast med å bli mor – på kort tid – hadde nok sin pris.
Eg tålte mest ikkje eit pikk bort i meg før det var vondta og la på meg utrulege mange kilo. Vart etter kvart diagnostisert med fibromyalgi.
Etter nokre år sa eg opp diagnosen.
Da eg var i Oslo nettopp fann eg ut at eg måtte avgrensa kva eg gjorde og kor mange eg trefte. Eg fann og ut at i denne tilstanden måtte eg seia nei til ein date – ei problemstilling som utruleg nok dukka opp.
Og eg greidde å detta……”som ein potetsekk” sa ein som vart vitne til eit av dei tre falla i veka som gjekk. Eg slo meg ikkje nemneverdig, og det førte til skikkeleg latterbrøl og latter er ikkje bortkasta.
Men grunnen til falla er at eg har såpass stivleik i kroppen at eg ikkje greier å ta meg igjen.
No har eg ei lita smørbrødliste av lite alvorlege tilstander på “sjukdoms” lista mi. Og dei bør være handterlege. Noko må eg nok akseptera fordi eg ikkje er tjue lengre.
Bilder lån tfra Google
Den nyaste og mest vittige er at eg har noko som gamle menn får og som Kaptein Vom hadde store problem med……podegra……det vil seia; eg har for mykje urinsyre i blodet….og det kan føre til urinsyregikt. Det held eigentleg med den slitasjegikta eg allerede har fått påvist…….
Og akkurat dette har eg lest meg til eg kan gjera noko med, med kva eg puttar i munnen……så eigentleg var dette ei gåvepakke; Det er ikkje alvorleg, men det kan føre til mykje ubehag.
Så eg opplever det som eit utropsteng for helsa. No MÅ eg ta dei kloke val. Og det er bra. Bra for ALT!
“Ein kan vel ikkje sjå bort frå at du har fibromyalgi” sa legen sist……så eg tenkte ok…..ta det med da, men det er eg som må gjera noko med dette.
Da eg reiste på ferie tok eg med meg to bøker; Sjarmen med tarmen og Kollektivt selvmord…….synest denne oppløfta litteraturen var urkomisk.
Har nokon erfaring med Kaptein Vom……las du denne teikneserien?
Eller har du erfaring med for mykje urinsyre i kroppen og kva gjer du eventuelt for å motvirka?
Fri, frank og fredeleg. Sommar, seint og strålande. Mest utan sol. Ein dag i august. Ein dag i ferien.
Siste veke er i gong. Siste ferieveka mi. Denne som berre skal få lov til å skli stille og roleg over i hausten.
Vakne og ikkje skulle noko er sååå godt. Nedover fjellsidene hang grå skyer, men pytt – det hadde ingenting å seia. Eg fekk sett i gong nokre vaskemaskiner og fortsette med rydding. For tenk det, etter eg kom heim har eg sortert og rydda slik eg har tenkt lenge. For eg her meir energi. Eg har det.
Kanskje eg skal sjå etter kantarell tenkte eg. Men området det var var innramma av gjerde, der det gjekk store firbeinte. I steden fann eg tyttebær. Ikke så mykje, men litt.
Sveiten rann og konsentrerte meg for ikkje få eit uheldig steg. Det gjekk bra og eg kom meg heim med den velsle fangsten.
Da eg skulle finne ut middagen fann eg ut at dette kanskje var dagen for pannekake.
Så da bar det opp i skogen igjen….etter blåbær. Eg fekk denne kjensla av å væra barn på oppdagingstur.
Eg elskar. Eg kvila i min elska sin famn. Eg kjende i mitt hjarta hans namn. Ei veke eg fekk og den deler eg vekk.
For her kjem bileta, og dei er mange. Når ein har det bra må ein ta bilete.
Mest ei veke har eg bruk i byen i mitt hjarta. Byen eg er mest glad i. Det vart mange bilete som eg vil dela nokre av med dykk. Tøyen, Ekeberg parken, Hovedøya og Sørenga.
Kaffe på Sukkerbiten eller Nord. Pizza på Postkontoret. Ikkje alt er det bilete av, men vakkert har eg hatt det.
Nedover Østerdalen med korga i fanget.
Så på plass. Latter på verandaen.
Ekebergparken. Sol over fjorden. Inn og opp i parken. Natur…..og…. ………kunst…..skulpturar. Lys og skygge. Flaks at venninna mi og eg har like stor glede av å fange dette i foto. Lyssetting. Hovedøya, glitteret i sjøen. Kjenne varmen av sola, høyre lyden av båra. Ruinane etter klosteret på øya. Kafeen var stengt da vi reiste attende. Forsvar i gammel og ny tid. I hamn. Sola fargelegg himmelen over Eneberghaugen og Oslo. Spagetti bolognese og ein fantastisk god raudvin. Operaen Byggeaktivitet Syklar til bruk for dei som vil. Sørenga, ein ny bydel. Skulpturer framom Barcode. På tur går vi forbi denne, mellom Jernbanetorget og Grønland. Solglitter over Sørenga. Sjøbadet Sola går ned etter nok ein varm og nydeleg dag.
Likevel; borte bra, men heime best. Ein gong var byen min boplass, over eit tiår av mitt liv. Mykje har skjedd sidan da, men svært artig å sjå det som kjem, det som er nytt. Eg elskar Oslo som den var og som den er. Men no bor eg langt utpå landsbygda, alt har sine kvalitetar.
For tida trivest eg godt med å gjera ingenting. Og da meiner eg ingenting. Å flyta rundt utan tid har vore fantastisk. For ei stund.
Men eg veit det nærmar seg, at eg må ta tak. Må ta tak på eit anna vis enn eg nokon gong har gjort. Det store spranget…….kan ein seia.
Eg summerer og trekkjer i frå. Alle val og alt som har skjedd.
Født i 58 og 58 i år.
I går var eg hos legen. Alle prøvar var bra og det er bra. Nær som ein. Den fortalte meg at det startar å hasta. For ein er ikkje 85 når ein er født i 58.
Og så må eg visst berre akseptera ein gamal diagnose som eg sa opp for mange år sidan. Eigentleg er diagnosar underordna, men eg må til å være snill mot meg sjølv.
Mykje snillare enn eg er og som eg har lært.
Hovudet mitt har det nokså bra det, men kroppen slit. Viljen din er sterkare enn kroppen sa ein for ikkje så lenge sia.
Så når hausten er i gong må eg også være i gong. – Med ikkje å strekka og villa så mykje, anna enn å ha det bra. Gjera slikt som er godt for meg. Eg kjem ikkje til å gløyme alle dei andre, men kanskje må eg ikkje setja dei først alltid. Eg må avlære ein godt innarbeidd lærdom.
Sola skin inn i mellom regnskurene. Eg skal snart setja meg på eit tog. For eg har ferie og da skal ein liksom reisa bort. Da gjer eg det, fordi eg trur eg har godt av det. Og det skal bli en fin tur, sjølv om eg mest må seie at eg hatar å pakke.
Eg er på veg til noko anna. Kjenner eg gle meg til at eg har fått det enno meir til -. Starten på blogginga for tre bloggar og mange år sidan, for å finne ut kva som var feil. Spegla livet mitt i orda. Da det var ingenting igjen til meg sjølv anna enn pisken. Dess fortare eg sprang desto verre vart det. Det har skjedd mykje sia da, det har vore ei stor reise alt i alt.
På toget ska eg tenkje enno meir på den reisa og ikkje minst reisa vidare. Eg må igjen let den kreative pulsen få plass….det gjer den ikkje i mellom permar for A4 format. Og ikkje minst skal eg nyta inntrykka gjennom togvindauge og til og med at eg må skifta tog på Hamar.