Ei heil veke til ende

Kva har eg gjort? Kva har eg gjort den veka her? Det veit eg ikkje, men det er haust.

Vips………slik går det. Plutselig er veka over. Og eg veit mest ikkje kva den har inneheldt. Men eg har følt på stress. Nokså mykje stress. Det har vore kurs, reise og besøk. Eg føler det fort vert for mykje.

Neste veke har eg meldt meg av noko eg meldt meg på. Akkurat det er eg godt fornøgd med. Eg skjønte det ville verta alt for mykje.

Eg har meir eller mindre gjort alt eg skulle i den veka som har gått. Gått tur og trilla føter.

Men så kom hausten. Den kom bombastisk som ein våt vegg. Det var tungt.

Det er tungt.

Og så treng eg så mykje tid for meg sjølv som eg ikkje kunne hatt no.

Men på tysdag………..på tysdag, da skal eg ha ein dag HEILT for meg sjølv.

 

Legger ut nokre bilete eg tok for ei veke sidan. Før hausten starta å vise muskalne sine.


Utsikt mot havet og Smøla.

Mjosundet, Rotøya og Aursundet.



Jente i tre.

Boffen må være med på tur.



Oppe og skriving i turbok. Boff følger med og yngsteberta har hatt blåbærkontakt.



På tur ned att.

For å verta frisk

 

Håper eg -. Få energien på plass. Full pakke minus alderstillegg. For det må eg nok ta med i reknestykket. Men elles skal eg OPP på min topp……


Dette som eg har vore i ei stund starta for lenge sidan, mest som i Det var ein gong……

For det var det. Det er lenge sidan eg starta med å strekkje meg sjølv.

Og for å helda meg til termologien “tar eg den, så tar eg den……sa kjerringa”. For det var det eg gjorde.

Og eit eller anna steg på vegen vart det for mykje. Og enno lengre framme skjønte eg det. Da hadde eg pressa alt for lenge.

Så eg virka ikkje noko særleg etter kvart.

Derfor vart eg sjukemeldt.

Ikkje heilt og i alt. Og prosentane har variert.

Etter eitt år heiter det ikkje sjukemeldt lengre, men det som skjer rundt det er ikkje tema her.

 

Men eg kan seia at artig er det ikkje å køyre utom vegen slik. Eg vil opp igjen.

Fort eigentleg.

Endeleg i vår skjedde noko som ga meg den beste oppturen til da. Opphaldet på Muritunet i Valldal.

 

Overlate til meg sjølv og attende til slikt som må utførast, produsertes det såpass mykje stress og eg såg dette ikkje gjekk den gode og rette veg.

Så etter kvart vart ei ny løype lagt. Og den er tredelt……heller, eigentleg firedelt. For vi vert følgt opp av Muritunet eitt år etter opphaldet . I tillegg har eg lagt til psykomotorisk behandling , samtaler og rørsle.

 

Rørsle

Eg trur at for meg er det viktig å kome seg ut. Eg tenkjer og trening, men eg trur ikkje eg er heilt der enno. Og i det siste har eg forstått at eg har alt for lett til å leggje opp eit alt for ambisiøst opplegg. Noko som kveler det eg er i gong med nokså fort.

Så no har eg i nokre veker avtale med ei som kjem heim til meg ein gong i veka. Dette er over kort tid, fire veker, men når eg gjorde avtale med henne ser eg det har funka mest perfekt. Avtalen eg har gjort er at eg skal ut kvar dag i minimum tretti minutt. I mitt hovud har eg plassert at den turen kan godt berre vera etter vegen med joggesko. For eg har alt for lett og tenkje på alle mulegheiter, så eg lagar forvirring hos meg sjølv. To dager på to veker har eg av forskjelleg grunnar valt å droppa det. Også har eg gått lengre nokre dagar. Så dette resultatet kan eg absolutt leva med.

Dette skal eg fortsetje med etter dei fire vekene er over. For å byggje energi er dette eit must. Og så har eg denne drøymen om ein lettare kropp, som eg og trur ikkje har hatt noko å seia for eit meir energisk liv.

 

Samtalar

Oppover åra mine har det skjedd ein del som nok har kosta – men som eg har følt eg har handtert. Men eg ser at gjennom alt har eg gløymt av å kjenne etter korleis eg hadde det. Eigentleg.

Og når orda mine vart borte ein periode skjøna eg at det ikkje var så bra.

Dei er attende, men likevel veit eg at ting har hatt ein tendens til lett å gå den vegen som eg i utgangspunktet ikkje har ynskja. Kanskje eg brukar for mykje energi på tankar rundt dette, tenke eg.

Eg hamna hos ei psykisk sjukepleiar som eg fekk god kjemi med og snakka meg svimmel til.

Etter tre gong er eg litt usikker om kva som kjem ut av samtalane. For eg har ikkje angst, er ikkje deprimert og slit ikkje med noko anna enn at eg vert for fort sliten og at det går ut over husken og konsentrasjonen. Eg fekk i siste timen ei føling av at eg kanskje skulle hatt dei problema for å passa inn i modellen dei går ut i frå.

Eg skal dit om ein månad og får da vurdere.

 

Psykomotoriker

Det er nok her eg har fått den mest positive overraskinga.

Og har mest forventningar til.

Første time gjekk ut på samtale om kor i kroppen eg hadde problem. No kan fort kropp og problem kjeda meg, så eg gløymer og følte meg mest idiotisk, for eg kom ikkje heilt på problema like etter ferien or uten stress følte eg det meste var bra………men ryggen kom eg så klart på.

Psykomotorikeren starta å sjå på føtene mine. Korleis dei var plassert på underlaget. Det viste seg at eg hadde permittert terne, dei var ikkje i funksjon. I tillegg sto eg med bøygde kne fekk eg vite. Og at eg hadde problem med ryggen var ikkje rart fekk eg og vite. Heller ikkje at beina er konstant opphovna.

Så no er eg i gong med øvingar for føtene. Eg fekk beskjed om å sage over eit kostskaft, for det er treningsverktøyet mitt. Det er forbaska vondt å gjera øvingane, så i starten fekk eg dei ikkje gjort. Da vart han streng og mest tok opp pekefingeren.

Men eg skjønar. Så no er eg i gong.

Og eg er så glad. For får eg berre undersottane til å stå som dei skal trur eg på eit betre liv.

 

Muritunet

Oppfølging med samtalar enkeltvis og felles med gruppa frå Muritunet på Skype. Og to dagsturar skal vi dit, eit om eit halvt år og eit når året er gått. Og fokuset er rørsle og mat.

 

Så slik et eg i gong for å byggje energi. Og eg føler eg er på rett veg.

I tillegg har eg tenkt at tida -, tida tinga tek skal ikkje få det store fokuset.

 

Men progresjon vil eg sjå fordi……

Tur på lur

Minst fire fjell, tenkte eg å klatre opp på i sommar. Ti fjell å velje mellom………eller tjue i år. Fordi det er 20 år sidan dette opplegge starta.

I går kveld landa ei melding på fonen. “Tar med turklede” sto det. Og da huska eg det. Avtalen om turen i dag.

Så i ettermiddag vart stien funne. Og mitt første fjell vart forsert. Sola hang der på den blå himmelen.. berre så sveitten dreiv av meg opp alle bakkane.

Det første av fjellet i 4fjell kan kryssast av. Og eg bør vinna tre til før opplegget er over for i år 11. oktober. Jentene og eg tenkjer å klare eit i helga.

Men her bilete frå turen og utsikta rundt om på toppen i dag. Fjellet heiter forresten Middagstuvå og ligg påErvågsøya i Aure kommune. Det er 300 m.o.h. og turen tok ein og ein halv time.

Tur i sol og regn

Søndag er turdag. Ikkje noko eg har praktisert nitidig. Men av og til slår det til. Slik som i dag.

 

Eg tenkte det da sola tredde fram på himmelen etter regnet. Tur, tenkte eg.

Eg koka ei kantarellsupe av kjøpt kantarell før eg for. Skulle bli godt når eg kom heim igjen.

Da vassflaska og fotoapparatet var på plass og boffen var i bilen, da hang skyene tungt på himmelen. Men skal ein, så skal ein…….

Boffen og eg trampa oss opp og over steinar, berg og myr.

Så var vi på toppen med utsyn over vatnet.

Her er stranda som eg og yngste hadde ei treningsøkt på i sommar. Her skreiv eg om bading i 12 grader.

Nokre kan sjå mykje ute i naturen. Men denne trollkjerringa var eigentleg svært så tydeleg.

Plutseleg ser eg noko gult i skogbotnen, og jau…….trur du ikkje det var kantarell. Dei måtte væra med heim.

Sol og regn.

Det kan væra ei fin stemning når dei to vêr typane opptrer samstundes.

Til slutt var vi komen bort til elva, og den måtte vi vea over. Boffen peip frenetisk.

Han er ikkje glad i vatn. Så han sprang att og fram på elvebredda da eg hadde gått over. Så vart det litt stille, før pipinga starta enno sterkare……men eg såg han ikkje. Eg gjekk attende, og der hang han.

Han hadde kome seg over, men peila seg inn der elvebredda var for bratt til å koma seg opp. Så han hang med kroppen oppover skråninga og bakføtene i elvevatnet.

Flinke boffen. Han prøver.

Da han fikk litt hjelp klarte han det. Og eg skraut uhemma av han.

Resten av turen rundt vatnet gikk etter veg. Eg brydde meg ikkje om å ta på meg skoa etter vassinga. Det å gå barføtt på grusveg i regn i september gjev ei spesiell og god kjensle. Noko med friheit.

Og kantarellsupa smaka da eg var heime att, godt fornøgd med den ein og halve timen turen rundt vatnet tok. Kantarellen eg fann får eg bruka ein annan gong.

Ei veke til ende

 

Denne veka var lang. Så eg som klagar over at tida går for fort bør væra glad……..

 

Søndagsformiddag.

Det er godt, stille og grått.

Seinare skal eg ut ein tur, og eg må gjera ein liten innsats. Gå i gjennom, rydda og finne….

Når eg ser attende på veka hadde mest kvar dag program. Det var eit hektisk drag over dagane, så blogg…., lese bloggar og kommentering var svært sporadisk og mest fråverande.

 

Måndag var eg attende til slikt ein skal. Det var godt å ta fatt. Planlegging og oversikt var noko av det første eg gjekk i gong med.

Tysdag fekk eg eit besøk som eg skal skriva meir om i eit eiget innlegg. Det handlar om strategiar i vegen for og bli betre. Byggje energi.

Onsdag var fortsetjing av oversikt, planlegging og kva eg bør bruka tida på til det eg skal. Heime igjen hadde eg eit hyggeleg besøk av ei veninne

Torsdag vart det ei reise. Rosenes by, foredrag av fleire, blant anna Frank Aarebrot, kultur, fokus, pengar og politikk. Sosial avslutning på Smia i Kristiansund. Der dei hadde god, men nokså dyr mat på menyen.

Fredag og fri.

Og ekstrem lat.

Eg skulle eigentleg ta handletur med foreldra mine, men vi vart einig om at laurdag var like grei dag. Og på vegen rulla ein gul bil forbi, som stoppa med nokre meter mellom og plasserte………

BRØYTESTIKKER!!!


Når alle sommarkleda enno ligg i skåpet og kallenderbladet nettopp er snudd til haust, føltes dette synet forferdeleg. Fekk lyst til å gå ut og rive dei opp. Men eg gjekk likevel berre forbi på den daglege turen.

Og på laurdag vart det handling. Det vart middag hos mor og far. Middag frå barndom, griljert torsk med raspa gulrot.

Nydeleg.

Eg fann og fram den gamle matkortboksen som mor bestilte ein gong på 70-talet. Og som eg plukka opp kort frå og fantaserte fram treretters middagar som ein leik. I tilegg prøva eg også ut oppskrifter frå den. For mat var interessant.

Eg hugsa spesielt ein dessert av eple, som eg syntes var så god – men som eg trudde kortet hadde kome på avvegar til. Trur du ikkje eg fann oppskrifta! Så den smaken skal testast ut når det høver.

Og om kvelden, på tur heim……. Der registrerer eg meg sjølv kome med det eine utbrote etter det andre.

Av det eg såg ute -.

Av solnedgongen -.

Av sola oppi skyene som sendte strålane sine ned som ei vifte utover havoverflata.

Det var ENORMT vakkert. Men med mobil var det ingen vits å stoppa for fotografering……..men da eg kom heim og ut av bilen, måtte eg…….

Og vel inne fauk eg ut på terrassen med spegelrefleksen.


Og litt etter -, med joggesko, bandet til hunden festa til eit belte rundt livet, øretelefonar på øyra for ein samatale eg måtte ta………..og rundt halsen fotoapparatet ……..da…….men da var forstillinga mest over.

No skal eg snøre på meg sko, plassera boffen i bilen og ta med meg både vassflaske og fotoapparat opp til eit fjellvatn…..trur eg. Og etterpå vil dagen fortsetja med alt det fine som ein kan risikera å oppleva :).

Ha ein riktig fin søndag alle som ein.

Eg tenkjer på deg og saknar deg, del 2

Den 8. august skreiv eg ei novelette som fleire spurte om fortsettinga på. Eg var ikkje sikker på om det var nokon. Men i dag kom den, så slik gjekk det:

 

Første del av forteljinga er her.

 

Kvifor?

Kvifor var det så vanskeleg?

Alle orda ho hadde tenkt var umogleg å få ned.

Ho stira på skjermen

“Eg må ta opp noko med deg” hadde ho skreve.

Men det verka så feil. Ho ville berre formidla at ho brydde seg om han, at ho var redd kjenslene sine.

Men korleis skreiv ho det?

Han hadde sagt han brydde seg om henne. Dei orda ho skreiv inn frå tankane vart full av mistanke når ho las dei på skjermen etterpå. Ho kunne ikkje skriva dette. Hadde nokon skreve slik til henne hadde ho flykta.

Til slutt avslutta ho prosjektet. For kvelden. Ho fekk ta natta og så sjå neste dag.

Da neste dag kom forsto ho ikkje kva ho heldt på med. Det var berre godt inni henne med tanken på han. På spanske Pedro. At han fantes. Ho hadde så lett for å rota til i tankene.

Utover i veka hadde ho det slik. Dei sa ikkje noko meir om ferien hennar. Denne veka ho hadde fri. Og ho let temaet kvila. Det fekk venta, men på slutten av veka måtte ho ta det opp.

Torsdags ettermiddag ringte Paul. “Hei”, sa han. “Korleis er det med avkommet?” Ho kjende på irritasjon over å nemne barna som avkom……..men ho beit det i seg.

“Korleis vert det med ferieveka di, du skjønar, eg MÅ reisa ein tur til Amsterdam den veka. Det er noko som hastar, så beklagar, men eg kan ikkje passa avkommet den veka”, sa han.

“Avkommet”, sa ho irritert og tydeleg “er BARNA dine”.

“Ja…..?” sa han med spørsmålet så tydeleg, at ho valte å let det liggja.

Etterpå var ho på ein måte både letta og skuffa. Ho kunne ikkje reisa til Pedro, det var i alle fall sikkert. Samtidig var ho likevel frykteleg skuffa, for ho hadde så lyst til å treffe han.

“Har dagen din vært fin? Tenkjer på deg og saknar deg.”

Meldingane frå han kom etter klokka. Han var ferdig med arbeidsdagen sin. Ho kjende ho overførte irritasjonen til denne mannen som heldt kjenslene hennar bankande.

“Ha ein fin kveld” skrev ho, utan å skrive meir.

Litt etter kom ei melding frå han. “Du kjem nei ikkje?”

Ho forklarte at det fekk ho ikkje til, for ho hadde ikkje nokon til å sjå etter barna.

 

Ho kjende seg mest som i eit vakuum, ho sat fast i alt ho ikkje visste. I ynskja og kjenslene.

“Det er sikkert bra for deg å være ro, men det dumt”, skreiv han.

 

Dagane etter kom meldingane jamt. Dei kom til same tid på dagen og det sto mest det same i dei.

“Saknar deg og tenkjer på deg.”

 

Dagane gjekk. Nokre gode og andre full av mistanke.

Kven var han og kva meinte han eigentleg?

Narra han henne?

Men da ho møtte han var det ikkje noko ved han som skapa mistanken. Det var så fullkomen fint.

 

“Du må mest delta på denne konferansen” sa sjefen ein dag.

Det var alltid godt å få både eit avbrekk og nye inntrykk. Så ho gjekk inn på dataen for å sjå på programmet til konferansen. Det var svært relevant såg ho.

Kvar var det konferansen var lagt……..og ho kjende det ila til i henne……..den var på Lillestrøm.

Den ettermiddagen tok ho kontakt med mannen ho ein gong hadde delt livet med, jau han kunne sjå etter dei den torsdagen og fredagen. Han skulle uansett ha dei i den helga.

Så sendte ho meldinga til Pedro.

Kva var det med desse P’ane………Pål på ungdomskulen, ja det var berre ein lang avstandsforelskelse i tre år. Men så dukka Preben opp på 21 års dagen hennar, som ei ekstra fødselsdagsgåve og som ein svært sterk forelska. Det vart eit spesielt forhald………om ein kunne kalle det det. Men den perioden hadde ho sett attende på som den sterkaste perioden på den fronten av slike kjensler nokon gong.

Så kom Paul som vart ektemann og far til barna. Etter at samlivet med dei to ikkje kunne fortsetja hadde menn ikkje vore noko tema. Ikkje før no. Ikkje før Pedro.

P’ane……..pissforelska, pause, perfekt, praktisk, par, pent, prinsesse………

Men kvifor kunne dei ikkje snakka; telefonen; skype……..?

Alltid desse meldingane.

“Eg skal til Lillestrøm på en konferanse torsdag og fredag i slutten av månaden, kva gjer du den helga?”

Det gjekk nokre timar før svaret kom.

“Det kan hende eg må arbeid, slik at du er aleine mykje”.

Ho kjende at ho vart skuffa. Han viste ikkje nokon glede over at ho kunne komme.

Ho bad han seia i frå om det var nokon annan, om han eigentleg ikkje meinte det han skreiv.

“Eg vil ha deg” var svaret ho fekk.

Så kom det fleire om at ho var velkomma, men at ho ikkje måtte verta skuffa.

 

Dagen for reisa var plutseleg der. Dei hadde kome fram til at ho skulle bo hos han. Ho kunne ta toget att og fram til konferansen.

Onsdagskvelden gjekk flyet. Da ho hadde ordna alt praktisk og fått barna plassert, overlevert instruksar og endeleg kunne lene seg attende i flysetet følte ho ingen ting…….Toget som gjekk dit han budde venta ho ikkje lenge på.

Korleis ville det verta å møte han igjen? Det hadde gått to månader sidan dei møttes. Ville dei kasta seg i armane til kvarandre?

Så var ho framme. Ho var endeleg framme. Mot henne på perrongen kom han. Breiskuldra og mørk. Han bøyde seg ned, klemte henne og kyssa henne mest flyktig. Så tok han kofferten hennar og dei gjekk mot bilen. Han ville vite korleis turen hadde gått. Og ho kjende på den gode kjensla av å møte han, være attmed han sjøl om dei ikkje kasta seg i armane til kvarandre.

Om kvelden da dei la seg spurte han om ho ville krype inn til han, attom ryggen og helda rundt han. Så tok han arma hennar og heldt. Ho syntest det var rart, men det var godt og liggja med nasen inn i ryggtavla og kjenne lukta av han. Han lukta godt. Og ho var sliten.

Konferansen dei to dagane var interessant, og så var dei framme ved fredagskvelden. Og heldigvis viste det seg at Pedro ikkje måtte arbeide ekstra. Dei snakka om mykje, det var så fint og dela tida, dele aktivitetar med kvarandre. Laga mat saman. Alt var dei ikkje einige om, og ein ting var dei så sterkt ueinige om, at hadde ho ikkje brydd seg så sterkt om han hadde ho ikkje akseptert slike uttalelsar. Men ho tenkte på forskjellane mellom landa. Ho var ikkje den rette til å døme.

Da dei la seg om kvelden og han med ryggen til, bøyde ho seg over han og kyssa han lenge.

“Det er noko eg må fortelja” sa han. Ho kjende det isa til i henne. Var det noko likevel. Var det derfor han ikkje nærma seg meir. Ho måtte ha avstand og stålsette seg til det som kom. Ho la seg ned på puta si.

Han snudde seg på ryggen, halvveges mot henne.

“Dette er vanslelg å fortelja” sa han, ”eg veit mest ikkje korleis eg skal seia det”.

Ho var glad for avstanden, for lufta mellom dei. Det var nok noko med den dama ho hadde sett han hadde hatt kontakt med på facebook. Ho kjende sorga som alt var på veg.

“Eg har vore hos lege. Eg har testa meg, men det var ikkje noko gale slik.”

Litt forvirra følte ho seg der ho låg. Kva var dette?

“Du må berre fortelja, det går bra” sa ho.

Så fekk ho vite om operasjonen, om at den ikkje hadde hjelpt, om smerte og at han håpa det skulle verta bra. Men at det ikkje var bra.

Plutseleg datt mykje på plass, reaksjonane vart plutseleg svært naturlege og til å forstå.

Ho følte ei blanding av glede og skuffing. Det var ikkje noko anna dame. Men noko som var viktig for eit samliv mellom to som var glade i kvarandre mangla.

“Eg får sjå om det rettar seg, men er det ikkje bra om ein månad må eg til lege igjen” sa han.

“Men dette er ikkje som ein vanleg forkjøling, og å være aleine om dette er ikkje lett. Og heller ikkje å fortelja om det.”

Ho låg etterpå med nasa inn i ryggtavla. Kjensla han ga henne med å liggje slik var så gode. Ho vart fylt av mjuke, gode luftboblar i heile kroppen. Ho tenkte på boka til Hemingway Solen går sin gang, og dei to som elska kvarandre og aldri kunne få kvarandre på grunn av skaden han hadde fått under krigen. Det som var skote bort.Ho hadde tenkt at kunne ikkje eit forhald gå likevel da………., ho var ung da ho las boka.

Men ho forsto at ho måtte ligga slik, at det var den einaste måten å liggja. At lidenskapen måtte væra på eit anna plan. Men det var så godt og ha han tett. Ha han der. Og kanskje var det bra slik. For dei vart kjend med kvarandre på eit anna vis. Så kanskje var det bra. No. Og ho sa det til han. Han var einig.

På flyturen heim var ho glad for at ho hadde møtt han. Ho kjende smilet satt i andletet hennar. For det var så godt han fantes. Og ho hadde bestemt seg for at ho ville gå inn i framtida saman med han. For han var den riktige p’n, p’n for par og å passe. Ho fekk leggja håpet sitt til at verda hadde mykje godt å skjenka henne enno, og at handlinga i Solen går sin gang ikkje hadde noko med henne og gjera. Sjølv om handlinga gjekk føre seg i Spania.

September

Gone. Både sommaren og ferien. Og slik som alltid-, er det eigentleg litt godt også.

 

Så var det plutseleg over. Alt det ein ser fram til var med eit knips omgjort til eit minne. Dei frie dagane med vind i håret og sol i sinnet sit att og vinkar. Eg kan tørka av tavla mi. Det er ikkje meir.

Men det kjem alltid noko nytt. Hausten er ein ny start for mange av oss. Og eg kjenner lysta til å starta med noko nytt. Og noko nytt startar eg med. No har eg nettopp hatt vitjing av ei dame som skal hjelpa meg. Det skal eg fortelja om seinare.

Og så har eg lyst til å starta med eit nytt strikketøy. Eg har lyst til å kjøpa nytt garn og strikka ein genser eg har strikka før. Eg har faktisk lyst til å strikka to av den genseren, ein svart og ein kvit. Den eg har strikka er lilla og fullstendig utslite. Eg har garn liggande, men har ikkje lyst til å starta med det.

I helga hadde eg gjester……foreldra mine. Det var på søndag. Og så var mellomste heime. Så eg laga supe, eg laga Ungarske karbonadar og jordbæris. Mellomste laga ei rullekake. Så vi vart mette. På laurdag køyrde eg henne på jobb og eg gjekk på kino og såg “Bølgen”.



No skin sola. Og eg har gjort avtale om minimum ein halv time ut kvar dag. Så da må eg det da.

Og når eg ser på dobbelthaka mi, skjønar eg det er på sin plass.

Ha ein riktig fin tirsdag :))).

 

Dagar med selskap og ferie mot ein ende

 

Sola rakk mest heilt ut ferien. Og folk fyller år. I går var det eit av søskenbarna.

 

I går var det og ein dag med selskap og kaker. Så no må eg nok over på den nøkterne linja straks. Men slikt er triveleg av og til, og gårdagen var absolutt av det trivelege slaget. Så etter at yngste hadde vore hos doktor og konstatert at kyssesjuke hadde ho i alle fall ikkje, og ho tok bussen attende til byen og skulen, drog eg i selskap.

Vi møttes først på puben til pizza. Da eg var lita var det butikk her. Puben ligg idyllisk i strandkanten i Mjosundet. Godt besøkt både av trafikk på land og på vatn.

Etterpå vart det kaffi heime hos ho som fylte år. Trur vi alle hadde nokre hyggelege timar.


Da eg reiste heim fekk eg med meg ein fantastisk solnedgang. Og eg måtte stoppa. Her heiter det Eidestranda.

I dag er det fredag. Eg tenker å gå i gang med slik som gjer hus og heim hyggelegare; hjelpemiddel er vaskebøtte og støvklut. Så skal eg planleggja handling og tenne opp i omnen. Ja, for i dag er det surt og regn. I kveld kjem mellomste heim, ho skal arbeide i helga. Men i kveld skal vi hygge oss.

For eg er framme ved siste feriedagen min i sommar.

I barndomens rike

 

Så kom kvelden. Dagen gjekk med mangt. No er eg ikkje til så mykje meir, men har igjen ein oppgåve….

Snart er dagen ved enden, men skal hente yngsteberta, som har slitt med vond hals lenge. Må få henne til legen i morgon.

Elles gjekk møtet på Skype i dag greitt, greitt å få ein oppdatering av kosthald og val.

Og så vil eg dela bilete frå bardomens rike. Var artig å fotografera frå der eg sprang som lita…….ja sprang…….for eg sprang mykje.

I dag fylte eine morbror min år. Morbror er det same som onkel.

Mor sin bror = morbror.

Han er den yngste i ein syskenflokk på seks. No er det akkurat halvparten igjen som lever.

Her for den eldste gjenlevande bortover sjøen med båten sin. Han var sjuk i dag, men hadde kome seg og tok ein båttur før han kom framom veslebroren. Da hadde han vore å knipsa bilete frå der jordmora vart henta i frå for 79 år sidan, da yngstemann kom til verda.

Her voks dei opp, og hit sprang eg for å vitja mormor og morfar min. I det kvite huset. Vi bada i fjøra og leika ferje med prammen lenge før vi starta på skulen. Vi var ein gjeng syskenborn som voks opp saman.

Mor var den som flytta lengst heimafra ….ca. 70 meter…eller kanskje 200. Vi budde like attom båtbyggjeriet her under, så det var ikkje langt. Det strata morfar min tidleg på 20-talet.

Her bodde moster mi, i huset med valma tak.

Moster = mor si søster.

Mor hadde ei søster.


Ute på sundet her var vi mang ein gong. Nokre ekstra modige og svømte over.


Over til Rotøya. Eg gjorde det aldri, men eg rodde over for å sola meg på svaberg. Og eg fiska. Eg lika å fiske, sjølv om eg var redd for å få eit lik på kroken. Kva visste eg om kva som kunne vere nede i den mørke sjøen. Fantasien var det ingen ting å seia på.



Her sit vi. Det er lenge sidan barndomen. Dei grå og kvite håra dominerar. Saman med lyden av krykjer og andre hjelpemiddel. Det var ein gong….det var ein gong ein annan gong…


Men no må eg henta yngste på bussen, eg treng tida til sentrum…..

Ein tirsdagskveld

Så kom regnet. Ute er det mørkt og den vinflaska vi snakka om å dela på terrassen med tende talgljos, veslesøster og eg, vert i alle fall ikkje i kveld.

 

Framtida er i ferd med å stiga opp på dørstokken. Telefonar og meldingar vitnar om det. Eg kjenner motstand, for eg vil ikkje inn i framtida enno. Eg vil ha varme sommarvindar og vera fri. Eg vil ikkje ha alvor. Eg vil berre at alt skal vera artig.

I dag har eg bruka dagen til å landa, men trur det er ei buklanding……for det humpar slik.

Eg leitar etter artigheita, men den geipar berre mot meg så eg endar med å verta heilt ulykkeleg. Så eg leita meir, og finn ingen ting. Eg krafsar og klorar for å sjå om det hjelper.

Men eg veit. Eg må roa meg. Dra pusten djupt, bretta opp ermane og gå i gong med alvor og kvardag. I kveld, allreie i kveld må eg det. Sjølv om eg er i ferien enno.

I morgon skal eg vera med på ein Skype konferanse med gjengen frå Muritunet. Om kosthald og ståa. Hjelp og trøste sier eg. For eg har ingenting å skryta av. Eg kan berre fortelja om at eg er langt utanføre vegen. Men ikkje kor mange meter….. Eg har noko arbeid å gjera, skrive ned og tenkje……og eg kjenner motstanden med å sjå på kor lite flink eg er.

Elles er eg i gong med noko –  med å byggje meg eit støtteapparat, både med samtalar, med rørsle og hjelp for problem eg har med kroppen. For eg vil, eg vil så frykteleg at eg velje å plukka med meg den hjelpa eg kan få. Eg som vil klara alt sjølv, som vil vera uavhengig har tatt eit slikt val. Det kostar å sleppa tøylar, så det må gje resultat-.

For eg vil ha energi til å ikkje fortsetta her eg har vore lenge. Eg vil opp og ut.

Så eigentleg er det nok spanande. Det er slik eg må sjå på det. Vegen til det nye livet og all energien eg skal nå tak i.

Derfor må eg landa, humpa meg i ro på den ruglete landingsbanen. Etter ferie og alle opplevingane. Og samtidig veta at dei er der, alle og alt. At eg må velja tillit. Og at eg må gjera det eg må og som er det beste. Da får eg alt. Både prinsen og kongeriket, energien, gleda og få bruka meg til det eg skal.

Slik tenkjer eg ein tysdag før eg går i gong meg å sjå på kva som er bra av det eg har gjort sidan mai og Muritunet.

Noko bra må det da vera……..