Dei håplause historiene

Dei var håplause og trilla ut om perler på ei snor syntest Anita. Som jordbær på eit strå. Som etter jordbæra var ete vart bruka til å kile nokon……… Strået strauk nedover den brune, muskuløse overarmen………

 

Sommaren fylte dagen, livet og kvar ein celle i kroppen. Vindauga sto ope og det sildra lett sommarregn gjennom bladverket til den store lønna utanfor vindauga. Det lukta varm, fuktig jord inn gjennom vindauga. Ho hadde nett vaska golvet, det tørka fort i den varme lufta. Frå radioen spela Postgirobygget Idyll. Ho smatt inn i dusjen. Såpa seg godt inn, ho skulle treffe Knut om en halv time. Han hadde spurt om ho ville bli med på ein køyretur.

…Etter den middagen for nokre dagar sidan…..

Den mislukka middagen.

Ho hadde bedt han på middag. Hadde funnet oppskrift på ei fiskegryte som virka god. Så hadde det vist seg at han var allergisk for fisk. Det var den middagen……..

Ho sprang ned trappene, det var kaldt i oppgongen. Ho såg seg i spegelflisa i vestibylen. Ho hadde tatt på seg ein fillete dongrybukse med farerike lappar. Den var litt stor, så den var snørt saman i livet av ei lang lærreim som ho hadde tredd mange gongar gjennom beltestroppene. Toppen var raud, mønstrete og ermelaus. Ho hadde ein dongryjakke slengt over skuldrene og rundt håret hadde ho knytt ei tørkle. Raudt, gult og svart. Ho såg ho såg bra ut, tynn med lange bein og dei viltre krøllane utover skuldrane.

Var ho forelska i han ho skulle møte?

Nei kanskje ikkje heilt det……eller litt. Men det var spanande. Spanande på ein litt rar måte.

Først hadde han irritert henne, irritert henne noko langt over alle haugar. Han hadde stått der og ledd over at han hadde tatt på seg to forskjellege sokkar.

Ledd!!!

Av noko så idiotisk.

Enn å greie å ta på seg sokkar utan at dei var par. Det var skikkeleg flaut syntes ho. Og at noen kunne le og spøke av noko slikt. Akkurat det skjøna ho ikkje. For det var viktig å ta vare på seg sjølv, gjera sitt beste.

Men så hadde han vore svært hyggeleg, hadde interessante synspunkt. Visste mykje. Han var ferdig studert og noko eldre enn henne, men likevel tok han seg sommarjobb.

Det hadde starta med at ho slengte ut av seg helt tilfeldig “….at da hadde du kunne komme innom”. Han hadde fortalt han hadde vore like ved der ho budde.

“Meiner du det”, hadde han sagt, “at eg kan kome innom?”

Og han hadde kome innom eit par dagar etter. Det var ein dag med sol og varme.

“Skal vi dra ut på Hovedøya?” hadde han sagt.

Ho hadde funne fram bikinien med alle snorane. Dei hadde ligge der på svaberga. Lange strå hadde leika opp i den blå himmelen. Ho hadde sett på han der han låg med lukka augo. Han var ljos og håret krølla seg lett over ei høg panne. Kinnbeina var skarpe og munnen fyldig og fint oppteikna. Ho fekk plutseleg svært lyst til å kyssa han. Men ho torde ikkje. Ho snudde seg på magen, medan ho spekulerte på korleis ho kunne nærma seg.

Best det var kjente ho han snappa ertande i eine snoren på bikinien. Sløyfa datt opp, og ho visste ikkje korleis ho skulle reagere….så ho skunda seg å kyte snoren igjen. Ho følte seg berre stiv og hadde ingen leik i seg.

Så kom han på middag. Ein middag han ikkje kunne eta. I tillegg hadde han hatt lite tid.

 

Ho opnar døra til gata. Det har slutta og regna. Det lukter varm, våt asfalt. Sommarkvelden er varm og klam. Ho set seg inn i bilen med eit “hei”. Han smiler og spør kvar dei skal køyre. Dei køyrer ned Pilestredet og han svingar hardt på rattet nokre gong, ser på henne og smiler. Atter greier ho ikkje ta det….var det no ho skulle ha ramla over han?

Turen går utover til Bygdøy og enda litt lengre ut. Han køyrer gjennom smale vegar. Rundt er det landlege hagar med hus i. Han viser kor han voks opp. Dei går ein tur på stranda. Samtalen går lett utan at dei rører kvarandre. Han køyrer henne fint heim. Helsar på andre med 2cv, og fortel at slik gjer dei det som er eigarar av disse franske bilane.

Om kvelden, da ho er heime i den reine leilegheita spekulerer ho på kva dette er. Vennskap eller starten på eit forhold… Ho tenkjer på kva han la i handlinga med å dra snora på bikinitrusa. Var det ein flørtete handling… Korleis skulle ho ha reagert? Ho hadde funne seg eit strå å kila han med, men han hadde berre fekta det bort. Like keitet han som henne.

Dei hadde avtalt og dra opp til Østensjøvannet om det vart finvêr på søndag. Dagen presenterte seg med sol. Han ringte på døra og dei køyrde opp. Ho hadde lagt seg på stråmatta si. Han hadde ledd og sagt at ho ikkje måtte snu seg for no skifta han til shorts attom henne. Ho hadde kjent på irritasjon igjen. Som med sokkane. Ein skifta da vel ikkje slik, det var fleire enn dei der. Han hadde frikete tendensar. Ikkje noko ho hadde den store sansen for. Ingen fekk på henne eit palestinaskjerf eller lilla buserull. I varmen var det så klart ikkje aktuelt. Elles skjedde ikkje noko meir enn soling, bading og snakking den dagen.

Ei lita veke etter dette sat dei i hybel leilegheita hennar. De hadde snakka mykje om ein film dei hadde sett. Ein film om lidenskap politikk, terror og bomber. Om Palestina kontra Israel. Han var klar i sin haldning. Ho visste litt mindre. Det starta å bli seint. Dei hadde delt ei flaske vin. Det var eigentleg logikk i at han overnatta.

Så låg dei der. Under kvar si dyne. Ingenting skjedde. Ho hadde lyst til å ta bort i han men våga ikkje. Tenk om han ikkje lika det. Ho høyrde at pusten vart lang og roleg. Han hadde sovna. Skuffelsen hennar vart akkompagnert av at skar han tenner.

Det gjekk ei lita veke før han ringte. Om ho ville verta med ein tur på Huk?

“Nei” svara ho, – for nok var nok.

 

Neste sommar dukka han opp, dei hadde sommarjobb på same stad.

“Eg kan køyra deg heim” sa han ein dag dei slutta samstundes.

Ho takka ja. Det regna så smått og det kunne vera greitt å sleppa å verta våt.

Da dei køyrde Drammensveien og passerte Slottsparken sa ho det.

“I fjor var eg litt forelska i deg.”

“Kvifor sa du ingenting om det?” sa han .

Ho berre smilte utan å svare. Inni seg visste ho at ein slik sommar om i fjor ville ho ikkje ha opp att. Og ho hadde takka ja til piknik på Langøya i helga og den ga ikkje plass til køyreturar i 2cv.

Hadde ho håpa på fortsetting hadde ho aldri fortalt det ho nettopp hadde gjort, for slik var ho laga….

Det bles og regnar

Mest som hausten kvilar over sommaren. Og frametter vekene viser både Storm og Yr same elende.

Eg sit her og vil ut ein tur. Etter og ha snakka med meg sjølv fann eg ut at det gjekk. Eg har da regnklede. Men eg må ha musikk på øyra og mobilen var mest utlada. Det er der musikken kjem i frå. Eg har da vel Spotify.

Så da ladar vi og skriv eit lite innlegg til bloggen medan.

I kveld ba eg opp systera mi på grønkålsuppe og heimlaga is. For i går gjekk eg til innkjøp av ei iskremmaskin. Rimeleg var den og.

Elles starta eg dagen med mi yngste, da gjekk det i havre/banan pannekake med blåbær, morellar og vaniljekesam på. I tillegg hadde vi pressa juice av appelsin men litt agurk og ingefær i. Og å var det nytrekt kaffi. Mat er viktig og dette var ein god start på ein sein dag. Vi begge hadde hatt kaosdrøymar som vi fortalte kvarandre.

Etter litt rydding i huset reiste eg inn til sentrum og timane i bøkene si verd. Ho var att og rydda i sitt etter flyttinga frå hybelen. Og så tok ho bussen til Trondheim før eg kom heim, for å besøkje mellomste – før dei skulle veg å feira faren sin som runda eit nytt år i helga.

Og her sit eg. Ventar på at telefonen skal verta bra nok, 20% no. Får finna fram eit bilete og den tida det tek satsar eg at det er klart for ein tur ut i regnet.

Ha ei riktig god natt.

Laurdag, søndag og måndag…….slik i all enkelheit

 Vi seglar i veg mot framtida……..både eg og andre. I sol og regn. Med sommaren i ermet, der den leikar gøym og leit……….

 

No skal eg fortelja noko svært overraskande, og som eg kanskje ikkje har nemnd tidlegare……og det er at i dag regnar det her hos meg!

Eg vil nok tru at for deg som har lest bloggen min meir enn eit par gong skjønar ironien i dette…….sjølv om og har sagt at “ironi bør ein ikkje bruka når ein skriv”……ja, så slår eg til.

Altså……..DET REGNAR!!!

Men rett skal væra rett, det har vore opp til fleire dagar utan regn. I helga for eksempel. Da var det sol. Både laurdag og søndag. Fredag hugsar eg ikkje, men det var sikkert vêr da også. Eg hugsar faktisk ikkje kva eg gjorde på fredag. Men eg gjorde sikkert noko.

På laurdag køyrde eg til Trondheim. Og eg tok så mange…….og heilt sikkert utruleg fine bilete. Da eg kom heim om kvelden, seint – og eg burde ha lagt meg…….. ville sjå på ALLE dei fine bileta. Og sette minnebrikka i pc’n. Det einaste om skjedde var at det kom opp ein kvit firkant, og den ba meg transformera brikka. I tillegg fekk og beskjed om at da forsvann det om var på den. Etter det var liksom ikkje noko artig. Eg fekk ikkje lyst til å skriva blogg, ikkje noko fekk eg lyst til eigentleg.

Men vi feira fødselsdagen til mellomste søster mi og den eine dottera hadde stått for å grilling. Og det var noko ho kunne. Søster mi gjekk i eitt med veggen………ho hadde akkurat same farge på kjolen som på veggen. Berre det tok eg mange bilete av…….sukk……

Vi hadde det hyggeleg.

Søndag måtte eg tidleg opp, eg hadde handla for vaffelsal i lange banar. Og folk kjøpte både vaflar og dei skrytte av dei og. Oppskrifta fann eg på nett……..så takk til nettet.

Da eg hadde gått over alt og låst, køyrde eg heim. Ryggen var i kranglehumør. Eg hadde ein tanke i hovudet…….SOLSTOL – . Vel heime reiste eg den opp, sette meg i den og la meg attover. Og dermed var eg borte. Den søvnen der smaka det meir enn godt av. Før eg henta yngste på bussen da kvelden mest var natt.

I dag viste temperaturen over tjue grader under den overskya himmelen. Eg rakk å henga ut nokre klede før eg måtte ta dei inn. Og så fall temperaturen og vi var på han igjen…….

Elles har eg køyrd yngste på jobb, og eg har gjord slik ein gjer, sjølv om eg ikkje skulle gjera slikt i dag. Og når eg først var på farten køyrde eg framom foreldra mine. Der var yngste søster mi og dei hadde akkurat set seg til kaffibordet. Eg nøyde meg med ein kopp svart kaffi. No har det vore både vaflar og vaflar på søndag, og ein boks øl på fredag (……aha, det var det eg gjorde på fredag……drakk øl). Da er det på tide med moderasjon. Altså berre ein kopp kaffi. Og snart er det middag. Laks i folie, har pakka inn både frosne erter, sopp, søtpotet, cilie, kvitlauk og gresk youghurt. Så det blir spanande om fell i smak.

Slik har dei siste dagane trilla ut i historia i all enkelheit.

ØL vil eg ha i kveld

 

Når dagen har vore lang og travel da kan det væra fantastisk godt og dra opp en boks……

 

Lang dag mot kveld er passert, den tok på. Likevel…….eg sit her med ein god kjensle. Eg fekk unna mykje. Eigentleg fekk eg unna det eg skulle og da vart dagen lang.

Da eg var på tur heim for eg innom ein butikk for å handle. Det første eg plukka med meg var øl……. Eg måtte ha øl!!!

Og eg som mest ikkje drikk alkohol…….i kveld var det det eg VILLE ha.

Fordi eg fortjener det, tenkte eg.

Men kvelden vil ikkje verta så lang. I morgon blir det ein del køyring og feiring av ein fødselsdag i Trondheim. Eg var nokså restriktiv til om eg skulle reise oppover, for eg må tidleg opp på søndag også. Men eg skjønte det var mykje som måtte til for å seia nei.

Men i flaksinga mi i dag gløymde eg heilt å kjøpe gåve.

I går hadde vi ein slik nydeleg, nydelegdag. Sat ute, planta i blomsterkrukker og eg kosa meg verre.

Yngste svippa innom på tur frå faren til feiring av ein annan fødselsdag i ein annan by. I går kveld åt vi blomkålsupe på terrassen, fann ut at vi eigentleg var nokså trøyte og så la vi oss -.


I dag vakna eg til regn.

Eg var tidleg opp til legetime og fekk set i verk eit par ting for å  få fortgang i å bli betre. Eller bestilt……..

Den eine var psykomotoriker……..trur eg tittelen er. Den handlar om å sjå kroppen i samanheng.

Blir spanande, ikkje minst om eg slepp all klagane frå kroppen. Eg skal få meir energi fordi det er det eg SKAL.

Og så klart kan eg ikkje styra på slik eg gjer akkurat no…….men det er ein overgang. Får ta att tida.

Om litt.

 

Men det utruleg godt å koma heim, laga seg middag og opna denne boksen med øl. Og så avslutta med nokre morellar.

God helg :).

Ferie, sommar og tida

Sommar, sommar, takk for at du kommer……..eller kjem. For eg trur, eg trur eg…….på deg.

 

Eg er i eit drivhus. Bokstaveleg tala. I dag må luftfuktigheita vore svært høg. Men eigentleg er det naturleg når temperaturen stig og det regnar. Ja, ikkje no. No såg eg til og med nokre solstrålar for litt sidan.

Dagen har som vanleg rent av garde, som ein…….ja………som ein racerbil. Men eg var likevel litt betre opplagt i dag enn i går, da såg augo mine ut som nokre krønsja bær. I dag har eg prestert, sett, erkjent og følt eg styrte skuta.

Slik er greitt.

Og til slutt at ein hyggeleg tur på kaffi med ei venninne. Og heilt til slutt vart det blomsterhandel. Årets første for min del.

Eg er på etterskot med det meste i år i forhold til i fjor. I fjor hadde eg ferie. Jentene og eg var i Los Angeles. Vi hadde siste dag på eit hotell ved flyplassen etter ein dag ved bassenget. Før vi dagen etter reiste ut til Venedig beach. Ein veldig spesiell ferie der livet ekspanderte. Først møte att mellomste som hadde reist på eiga hand, tre månader i Sør Amerika. Få henne både heil og levande attende med berre ein mobil i minus og nokre kilo.

Oppleve openheita, mangfaldet, dei fæle pizzaene og dei store salatane………og verta litt meir positive for det Amerikanske.

Det var i fjor.

I år er det ein månad igjen til ferien min. Eg har nok hektiske dagar framom der eg må greia oversikta på litt for mykje for min stakkars energi…..som LIKEVEL er på veg til å betra seg.

Og så kjem ferien, forhåpentlegvis med fint vær, med dagar på setra og bading, ungdomar som skal flyttast på hyblar og organisering av det. Og noko er ikkje planlagt, berre skissert, men handlar om meg og slikt eg kan finne på.

Sjølv om eg gler meg til ferie, og får ein travel tid no – så skal likevel juli nytast.

Kva skal du bruka ferien til?

 

Vintervegane

 

Vala ligg alltid framom. Det å ikkje vela er også eit val. Nokre val har for høg pris. Alt for høg pris. Dei vert for store…….

 


Ytterdøra var ikkje låst, men elles var det berre ljoset i gongen som sto på. Huset sov og ho kjende at ho var trøyt. Turen heim var krevjande. Det hadde vore holke mest heile vegen. Da ho skulle køyra inn porten ville ikkje bilen lystra, den sklei forbi sjølv om ho svinga.

Både turen dit og attende hadde vore ei utfordring, men no var ho endeleg heime. Klokka hadde passert midnatt med ein halv time. Ho hadde sagt at ho sikkert var heime i ti tida. Det var møte i bygdekvinnelaget og møtet var i ei lita fjellbygd med bratte og krunglete vegar. Ho pust letta ut over å kunne låse døra attom seg, og at turen hadde gått bra.

 

Ho fekk ordna seg og kome seg i seng. I senga låg ektemannen og prusta og sov. Ho la seg attom ryggen. Han hadde godt sovehjarta og hadde vist ikkje noko bekymring for henne som var ute. Ikkje hadde han ringt for å sjekke korleis det gjekk med henne på glatta før han la seg. Og ikkje tok holka frå han nattesøvnen.

Ho kjende på det gamle sinnet. Kunne han bry seg så lite om mor til barna sine?

Ho huska da ho gjekk gravid med førstemann og det var vinter, holke da også. Han hadde ikkje brydd seg om å strø oppkjørselen, fordi han hadde ingen problem med å gå stykket. Ho hadde eit bekken som vart så vanskeleg, derfor torde ho ikkje utfordra skjebnen med isete vegar.

Like før ho sovna kom ein av dei vondaste episodane opp, ho var gravid da også, med sistemann. Det var vinter og slaps. Ho skulle møte nokre vener og var seint ute. I ein oppoverbakke med to felt mista ho kontrollen. Bilen fauk att og fram over kjørefelta før den slang inni autovernet. Det kom bilar til og ho fekk låna ein telefon. Hovudet var heilt utkopla, men ho fekk ringt mannen.

“Dette får du ordna opp i sjølv” sa han tvert og la på.

Der sto ho i desemberkvelden og venta på bergingsbilen og det kjentes hardt å møta så lite omsorg og ikkje vite korleis det hadde gått med barnet i magen……..

Sjåføren på bergingsbilen var så snill og køyrde ho til sjukehuset slik at ho vart sjekka.

Blødde ho?

Alt såg bra ut, men ho gjekk inn i ein sjokkreaksjon der ho både skalv og gråt. Legen viste heller ingen forståing og sendte henne på dør. Ho tenkte at ho skulle greie å koma seg heim, men buss skulle ho sleppa å ta i kveld, sjølv om det hadde passa økonomien best. Så ho bestilte seg taxi.

I to veker etter denne hendinga var manne regelrett sur. Sur over bilen som var øydelagt. Både barnet og ho hadde overlevd, men det betydde visst ikkje noko.

 

Ho kjente pusten i øyre, varm og intens. Ho kjende armane som følte seg fram. Ho kjende lysten og lidenskapen.

I sveitte og solflimmer såg ho opp. På denne manne ho elska så høgt, så heit og sterkt. Mannen i hennar liv. Det flimra i mange fargar så sterkt var alt før det vart mørk og ho vakna brått til. Ramla ut av den sterke draumen, ho kjende på gråten.

Ho heldt den eine handa opp framom seg. Ho såg på dei blå årene og den skrukka huda på handa som tilhøyrde henne. Eit så tydeleg teikn på åra som hadde gått, åtti år hadde livet vart. Ho høyrde snorkinga ved sidan av seg. Der låg han, han som tenkte mest på seg sjølv og som ho ikkje hadde greidd å legga attom seg på livsvegen. Og den lidenskapen ho nett hadde drøymt om var berre ein drøym……… Ho kjende dette sterke sinnet og den store sorga som hadde vokse seg enorm, den bitre følelsen mot han – men også mot seg sjølv.

Det at ho aldri hadde turt og sette seg fri, gje han fri……..

Det er ikkje godt å føle hat mot eit anna menneske.

Men det var ho sjølv som hadde teke frå seg gleda med å tru at ho ikkje klarte å leve livet sitt i leine.

Det skok i gjennom henne, og det var som ei stor bølgje kom og kasta ho utfor eit stup.

 

Ho vakna ør og klam, sengekleda var heilt i uorden. Lakanet var reve halvveges av. Det var ei gråljosning i rommet. Han ved sida av henne hadde stått opp og var nok reist på arbeid. Ho måtte også stå opp. Få ungane på skolen. Drøymen sat i henne som eit søkk. Både første og siste del.

 

Da alt hadde roa seg etter morgonrituala. Da ho hadde fått alle dit dei skulle og igjen var i leine med seg sjølv tok ho fram telefonkatalogen og brosjyrane ho hadde teke med seg sist ho var på legekontoret. Den eine sto det om skilsmisse i.

Endeleg løfta ho røret for å slå eit  nummer. Etter ti år klarte ho å gjera noko. Starta eit arbeid for å finne ut og gjere det ho måtte……

Ho var berre noko og førti enno, og ho ville ikkje bli den der åtti år gamle dama som aldri hadde turt å leva i samsvar med seg sjølv. Det skulle aldri skje.

I mellom sol og regn

Dagane har hastverk. Dei skal heile tida vidare. Og eg heng med som best eg kan i sol og skygge, i regn og kuskitlukt.

 

Da eg vakna i dag regna det. Og eg kunne ikkje forstå kvifor eg ikkje tok inn kleda frå snora i går kveld. Kanskje var det rett og slett fordi eg var sliten.

For gårdagen sto opp med sola. Vakkert venleg sildra strålane utover dagen. Men slikt var ikkje å dvela ved. Så etter ein romsleg frukost med tida i handa bar det ut på hjul. Først var det ein stopp på denne vakre staden. Eg fekk knipsa nokre bilete før eg fauk vidare og rakk akkurat ferga.

Bommen hadde gått ned, men dei tok den opp att.

I Kristiansund var arbeidsgjengen godt i gong. “Er det vaska i omnen” spurte eg, “er det vaska attom”. Jau, dei hadde vaska både her og der. Dei hadde vore flinke og var nok ein aning lei.

Heilt til å forstå.

Vi pakka inn i bilen eske etter eske. Eit puslespel på høgt nivå. Eg gjer nok lurast i å ikkje vise korleis det såg ut da alt var kome inn i bilen. Men vi fekk alt med, nær så skohylla. Den kan nok vera grei å finne for neste hybelbuar.


Men før vi var heilt ferdig såg eg inn i kjøleskåpet………der var det hukommelsessvikt.

Men til slutt var vi ferdig og til og med det kalde skåpet. Jentene og eg tok ein matbit i full fart før turen gjekk heim att. Vi hadde forresten ein nokså mislykka softis leiting før ferga. Etter tredje forsøk ga vi opp.

Vel heime vart både yngste og eg overraska…….ho fordi ho var så glad for at ho var heime, og eg fordi ho var så glad fordi ho var heime……… Stemmeleiet hennar gjekk nokre oktavar opp. Men det var riktig koseleg å ha begge jentene sine heime.

 

I dag da eg kom heim i regnet låg eimen av kuskit over jorda, og kleda hang ute…….men da kom dei inn………og kanskje hadde ikkje lukta rekt å festa seg så eg slepp oppattvask.

Etter middag og før mellomste reiste attende til Trondheim, måtte eg knipse litt desse unikuma av nokre dotrer…….er det ikkje det dei er desse jentane og gutane vi har fått blitt kjend med og fått under vingane våre nokre år…..??


For å dele tida enno litt meir med ho som reiste køyrde vi likegodt til Kyrksæterøra så ho tok bussen der i frå og vi fekk ein ekstra halvtime saman.

 

Og til slutt gjorde yngste og eg noko som ei reflektert og oppegåande mamma og mor ikkje gjer saman med attenåringen sin……..vi leita opp eit solarium i regnværet og rett og slett tok SOL.

Ei helg på tur forbi

Etter ein super laurdag går eg i gong med søndagen. Og noko er bra og noko er slik som det er.

 

Dagen strålar opp…….

I dag og……….

Som i går………

Ein må berre nyta.

Det er dette ein lengtar etter når alt er annleis.

Sol og sommar.

Eg vakna til gårdagen og kjente klumpen i magen over alt eg syntes eg måtte. Veka hadde skrapa opp dei gode følelsane. Parkert kontrollen og plukka fram att stresset. Eg hadde innteke hamen til eit piggsvin.

Så da eg vakna, slik og slik tenkte eg, måtte eg. Men ein eller annan plass på formiddagen tenkte eg

……….KVIFOR?

Kven har sagt det. At ting skulle vera slik og slik. Jau, det var meg sjølv.

Om geraniumen ikkje sto i vindauga denne søndagen, kva så? Eg hadde alt for mange timar, alt for mange……..så kvifor skal eg prøva det umoglege……….tenkte eg.

Den tanken var nok det luraste eg presterte i heile går. Og den førte til RO og at dagen var t der eg var.

Heime.

Så frå da kom arbeidslysta fram, eg rydda og spyla terrasse, eg planta om planter, eg tok fram putene til sommarmøblane, eg baud opp søster mi på kaffi, eg støvsuga inne, eg sovna i solstolen på terrassen, eg fekk til og med gått meg ein tur med innslag av jogging. Og eg la meg rimeleg tidleg. Det var ei bieffekt av å gje meg sjølv fred og få lov til ikkje skulle ALT.

I dag er dagen meir slik må’aktig. No skal eg straks sette meg i bilen. Eg skal framom ein stad for noko bilettagning og eg skal hente to jenter og så mykje stuff at det er usikkert om vi får alt inn i bilen. Men vi får finna løysningane og ikkje avgrensingane.

Ha ein riktig fin søndag.

Velkomen helg

I kveld er eg ikkje til meir. Eg kom meg heim………eg kom meg på land. Eg trur eg somnar på stranda eller i stolen……men eg kom fram.

 

Når du sit på legekontoret ei veke før du skal føler du deg idiotisk. Når du leitar etter eit ark i ein perm utan å finne det berre for å oppdaga at det var i permen da blir ein oppgjeve. Når folk vert sint på deg for noko andre har gjort da er det berre å dra pusten roleg inn og slepper den fri……

Når ingen forstår da er det på tide ein forstår seg sjølv.

 

“Nei” sa eg. Det var dugnad. Eg klarte det, men lett var det ikkje.

 

“Korleis går det?”

Eg fekk telefon frå Muritunet.

“Det går ikkje så bra”, sa eg medan telefonane kima i rundt meg.

 

Ja da, eg veit det. Eg er på ville villa veger.

 

“Vi vil gje deg ein støttekontakt”……….nei det var ikkje det dei sa, men det eg høyrde. Eg var i eit møte som heiter dialogmøte.

Nei, nei, nei hadde eg lyst til å seia. Eg vil klara meg sjølv.

Men eg vil bli bra, derfor sa eg ja. Må berre arbeida med hovudet mitt en del først. Det vart søkt til i september, så eg har mykje tid på å visa for meg sjølv at eg klarar det sjølv. Trena og få opp forma!

 

Men i kveld er eg alt for trøyt, for eg vil så mykje, prøver så hardt og blir sliten, blir irritert på meg sjølv for eg ikkje klarar det eg vil.

Fordi det er så lett og taka det same mønsteret som før. Når det vert for mykje gløymer eg meg sjølv, gløymer det som er bra.

 

No er det helg. Smaken av ordet er fantastisk. Eg skal berre litt i helga, berre litt………..men kanskje må eg noko i morgon også………..men det vil eg ikkje tenkje på no.

For no er det helg.

Midtsommar, jonsok eller St. Hans

Så er vi passert midtsommar. Men enno er det tidleg sommar. Men båla er ikkje som dei var…….

 

I går var det jonsok. Eigentleg tenkte eg grill………for eg har ingen grill. Så da eg spontant hamna i Kristiansund etter eit møte, for eg innom ein butikk. Grilling på jonsok er mest obligatorisk. Men eg greidde ikkje heilt avgjera om eg ville gå for grill eller bålpanne. Derfor vart det to solstolar.

Ja – SOLSTOLAR! Og i dei kan ein berre grille kroppar, derfor vart grilltanken lagt bort i år.

 

Så da mor sa rømmegraut og slikt, heime hos dei – ja da var det heilt greitt.

Dette skulle væra eit innlegg med bilete av sju slag blomster, for det skal ein kunne legge under puta og drøyma om kven ein blir gift med har eg høyrdt. Men eg fann ut at eit slikt innlegg var litt bortkasta, for eg har vore gift og veit ikkje om eg bryr meg så hardt om å verta det igjen. Så det innlegget vart skrinlagt.

 

Jonsokbålet glimra eignetleg med sitt fråvær, men eg har ein kreativ far som kombinerte nytte med nytte. Han hadde mykje hagerusk, og han gjekk i gong med å saga. Han fekk kvist og kvast sundt og brent opp inne i ein peis han bygde ein gong. “Det må ryka” sa han. Og så peisa han vatn inn i peisen og fekk til røyk.

Men før det sa mor “kom å bli med”, veslesyster murra litt da ho fekk sjå kor vegen gjekk. Dei ville ha oss med på ein rundtur, for far fekk laga ein veg nettopp som han kopla på ein skogsveg det folk går mykje tur – og no kunne dei gå i den nye vegen og ikkje klatra i ein mæling som før. Med godt grep om veslesyster fekk vi ein tur, ho og far på krykkjer…….og eg fekk nok med å passa på at ho ikkje datt – så det vart ingen bilete frå turen vidare gjennom hagen.


Etterpå vart det graut. Det vart spekemat etterpå grauten.

Og enno seinare vart det kaffi med både sitronfromasj, eggedosis og sjokolade. Sjølv om eg ikkje smaka på alt vart det likevel ALT for søtt. Og i dag , i dag hadde eg vegedagen……… Og eg må berre seie det; ……..vekta kremta alvorsamt og så sa ho at eg har gått opp 600 gram frå den famøse veginga for ei og ei halvveke sidan.

Opp!!!

Ikkje ned. Ikkje det at det er slik kjempekrise, men eit varsku er det. Absolutt eit varsku.

Vi seier ikkje meir om den saka, men no har sola snudd og vi startar nedteljinga mot mørkare tider. Men akkurat det snakkar vi ikkje høgt om i kveld. Ikkje det heller….

Så eg sluttar berre enkelt dette innlegget eg.

 

Hadde du fin feiring av jonsok? – Eller seier du St. Hans?