Først blas hagl-elingar over marka. Kvitt og sørpete, sporete og glatt vart tilvære. Så blas alt vekk, medan regne piska ein i ryggen. No ser ute-rommet ut som ein fullkomen vår. Mest ikkje ein snøflekk å sjå. Og eg trur nokså sterkt at om skyene held seg unna, vil eg sjå at sola har vendt attende. Til huset mitt og vårt her i bakken. Eg trur eg da kan oppleva denne strålande, lysande firkanten som kryp seg bortover golva og oppetter veggene og er attende med all si kraft, sjølve sola. Og ein påminning om våren som er i emning. For neste månad er den her.
Våren.
I tillegg skal eg henta meg ein stor bukett bjørkeris i dag. Sette den i vatn. For no til søndag er det fastelavnen. Med bollar og farga fjør.
I dag skulle eg eigentleg til Kristiansund, møter og slikt. Så skulle eg laga middag til yngste kom heim frå skulen. Men så kom mellomste heim og eg må hjelpe henne. Den hjelpa måtte eg gje høgste prioritering. Så middagen med yngste får eg ta ein annan dag. Møtet var det berre eg som la på meg at eg måtte, trur ingen andre syntes det var så viktig at eg var der. Og å sleppa ferga i blåst er heilt greitt. Ikkje så glad i rullande bøljar med kvalme på toppane. Så da gjenstår berre eit par må’ar, og dei skal eg hamla opp med i blåsten. Men aller først skal eg blesa meg ut for å blesa inn med ein stor bukket kvister. For å prisa våren med sol i bakkane og snøklokker og kvitsymrer under buskane i emning……..snart.
Snart er midnattstimen her. Så eg må snart sette strek for denne måndagen. Straks.
Men eg er svolta. Kan eg ta meg ei brødskive så seint. Å yes, eg kan…..men kan eg sette infintivmerket framom eit engelsk ord som ikkje ein gong er eit verb. -Det kan eg nok sikkert ikkje, men i kveld kan eg det også.
I dag har eg køyrd fort i vinden som ruska i bilen, ei føling av krefter og kraft. Eg har handla ein liter kefir til minstesyster, eg har båre ved for foreldre og hjelpa min vaksne far inne på facebook sin veden. Fekk og middag der, altså ikkje på facebook, men hos foreldra mine.
Eg har vore leksehjelp til mi hybelbuande yngste med hjelp av telefon og snapchat…….kva er det som ikkje går i dag liksom.
Og no, som ein god borgar skulle eg teke av sengteppe av senga, teke tøflane forsiktig av og set dei fint frå meg halveges stikkande fram under senga. Men ikkje denne dama, ikkje er senga oppreidd og ikkje har eg tøflar. Men brødskive har eg lyst på. Så kan eg skriva å framom yes, så kan eg iallfall ta meg ei brødskive.
Så akkurat no har eg det litt godt inni meg. Plana var å gjera enno litt meir, men eg er tung i kroppen. For den vil ikkje noko. Den er litt håplaus.
Men likevel, eg har fått den med meg litt.
I går vart det ikkje noko ball…….den trilla vekk. Plana var ikkje for far, han syntest det var for mykje snø og vêr og slikt. Og når ein er 91 må ein få lov til å synest det. Så i staden trilla vesle syster mi og eg innover til dei og der fekk vi servert potetkake. Det er også godt. Før vi køyrde til dei rota eg i gjennom korga med handarbeid, og opp tok eg ei strikking som har kvilt lenge. Den vart med, og eg fekk sauma inn alle trådane både på bolen og ermene. Og så fekk eg plukka opp til halsen.
For ikkje alt for lenge sidan fekk eg og avslutta eit jakkeprosjekt med hjelp av mor. Det tok eg og med. Knapphola vart alt for store, og knappane eg har i vil eg ha i. Så fekk eg sauma dei inn i går, så no dett ikkje kneppinga opp og jakken kan brukast.
I dag kledde eg på meg og fekk starta på ei plan. Eg har styra mykje med ved i periodar.
Og så er det eit la som står ute, og det står under eit tak – slik at det dryp ned i det. Inne i vedboda er det ikkje plass til noko meir.
Så fann eg ut at eg kanskje kan stabla inne under trappa. Da vil veden tørka. Så hadde ei lita økt med å trilla inn ved. Synest ikkje det har noko å seia om det ligg ved her under trappa.
I morgon er det meldt skikkeleg med vind, så plana er å koma meg tidleg opp for å reisa inn til butikken. Skal handla til foreldra mine, men må koma meg heim til vinden er meldt vil auka.
Natta var lang og drøymane var mange. No er dagen her og eg er i gong.
Nokre av det som rulla over natta sitt lerret var riktig plagsamt, det flagra folk i mange utgover i alt eg drøymde. Eit godt teikn på at no har det vore for mykje aktivitet for meg. Bra resten av veka har eit anna tempo.
Eg la meg halv tolv i gårkveld og vakna litt over ti i dag. Det vart ei lang natt, er mest øra her eg sit med frukosten min. Grovt rugbrød med solsikkekjener og valnøtt i. Godt med levepostdei og rødbeter. Ein kopp kaffi til. Og eit glas med heimlaga juice.
I dag tok eg ananas, grønkål, sitron, eple og ingefær.
Det smaka godt. Eg kjøpte meg denne juicemaskina i fjor ein gong. Det var eit tilbod hos Coop, så den var ikkje så dyr. Når ein har for mykje frukt og grønsaker som held på å verta for modne er dette ein kjempefin måte å få utnytta dei. Det einaste er at det blir mykje avfall og reinhalde tek litt tid. Men avfallet kan brukast, ikkje minst om ein har kompost.
Eg har allereie set i gong ei vaskemaskin med klede. Straks skal oppvaskmaskina køyrast i gong. Eg har også ein haug med papir eg må gå i gjennom og ein gjennomgong av rekneskapet mitt kan væra greitt. Og så har eg ein stabel av ved som ligg ute. Har ei plan om å legge opp ved under trappa, trur det kan være lurt og trur det vil fungera. Og så var det denne turen etter ball, potetball. Ser snøen er våt og minkande, så det bør gå greitt og sitte på i ein bil under slike føreforhold.
Så her postar eg ein kvardagsrapport for dagen før eg fortset med den.
Ha ein god dag i februar, uansett kor du her. Og så kjenn etter om du pustar godt inn heilt ned i tærne og ikkje berre øvst oppe i kroppen din.
Ferdigpizza og tende t-lys er tingen i kveld. Eg har ete middag, men hadde så lys på noko salt når eg ville væra komen heim (trudde eg, og det stemde). Så stoppa på den profilerte plassen Kyrksæterøra, godt oppøvd som eg er til å seia heile namnet, slik ein er når ein bor i nabokommunen……men Øra funker godt i daglegtale eller Kjersøra som innfødde visst nok skal seia (dette vart ei lang setning). Eg har aldri høyrd det eg (altså den uttalen på namnet), men det har mindre betyding, berre det det er sant, for om ikkje lyg eg.
Her er skrivestolen min.
Pizza med pesto og mozarella er godt. Eg kjøpte meg til og med ein sjokolade. Hadde lyst å kommentera min sunne handel da varane trilla over trillebandet, men slo det frå meg som uinteressant snakk.
I morgon-, i morgon skal eg ikkje gjera det slag – litt omskriving av ein rimeleg kjend tekst. Eg skulle -, men skal ikkje likevel det eg brukar. Det er så fantastisk fantastisk at eg fann på noko å gjera med ein gong. “Skal vi -” sa eg, “dra inn på Kyrksæterøra for å eta ball (legg merke til at eg brukte heile namnet på staden)?” For akkurat det kan eg ikkje til vanleg når eg gjer det eg brukar til vanleg (altså å dra inn på Øra på ein vanleg torsdag kan eg ikkje gjera vanlegvis). Det var mor eg stilte spørsmålet til da eg var på tur heim. Så du skjøner eg sat i bilen……. “Vi får sjå på snøen” sa ho. Sa da får vi gjera det i morgon, sjå på snøen og kanskje eta ball.
Sjå kor trøyte augo eg har i kveld, og ser du det ikkje så tru meg på mitt ord, for her snakkar eg sant heilt sikkert :).
Trur det vert ein tidleg kveld i kveld. Og ja, det har vore ein alle tiders dag. Berre at slike dagar kan kunsten og knuse energi. Så no treng eg enkelt ei lang natt, så er eg der (og her) att.
For lang dag, men eg fikk unna meg mykje. Slik er fint. No er det avslapping i stolen medan vaskemaskina vaskar seg ferdig. Det er tomt for truser i skuffa, så da var det berre å gjera som er har gjort. I morgon skal eg opp gørrtidleg for å legge ut på landevegen. Innover i landet bærer det etter kvart. Trur dagen vil verta triveleg. Vil treffe damer det er lenge sidan eg har møtt. Eg køyer ei intensiv veke, men etter morgon er det mest helg.
I dag var eg hos legen. Fann ut at det var likast og fortsetta i same sjukemeldingsprosent. Tenkte at eg kunne auke ut, men nok ikkje så lurt enno. Blir for fort for klar.
Da eg kom heim skifta eg vatn på blomar og skar stilkar. Eg er så glad i blomar. Spesielt gjer dei godt den tida vi er i no. Vil gjerne dei skal vara kjempelenge. Det hjelper og stella dei.
Og så har vi fått snø. Så det er kvitt og glatt. Og i dag……..det synet skulle eg gjerne ha vist deg. Men eg hadde ikkje tid til å stoppe opp. Da eg kom rundt ein sving stikk eit nes ut i sjøen. Det var så klart kvitt av snøen. Sjøen var for så vidt kvitgrå også. Men akkurat framom det kvite neste var sjøen ljosblå og det kvite neset spegla seg i den. Og det var ljosblå himmelen over. Det var så vakkert at det var mest som det sokk inni meg.
Eld i omnen og ein stor kopp te. Nett vridd nøkkelen om i mi eiga dør. Ei lita stund i stolen med data i fanget må eg unne meg. Det er så utruleg godt med litt tid for seg sjølv på slutten av ein dag.
Desse dagane. Dei går så fort, så fort. Ja, veit det betyr at vi snart er komen fram til våren. Men det betyr også at den snart er over. Huff, dette vart kanskje litt drygt. Bomper over temaet.
Det har vore helg. Det er måndag. Det har snødd. Gradene ligg rundt 0 og eg pakkar i meg c-vitamin. For sjuk vil eg ikkje verta, sjølv om kroppen er litt ruskete. Eg har vore hos foreldra mine. Med rester av maten etter helga. Så da vart det middag på meg og. I helga feira vi fødselsdagen til far, med halvparten av barnebarna til stades. Dei to i Oslo og den eine i Bergen var ikkje med. Trur nok alle hadde nokre fine timar saman.
Vi hadde det her hos meg. Det betydde i praksis at det vart gjort ei grundig rydding. Dotrene mine og eg var einig at det var bra vi hadde det her og fekk ein gjennomgong av heimen. Så å kome heim til ein rein og ryddig heim er godt.
Høyrde på radioen ein dag at folk som er for ryddig, for detaljert, vil ha problem med akkurat og ha det ryddig. Der har du meg. Mellomste søster kommenterte i helga korleis eg reagerte med misnøye når koppar var set feil inn i skåp. Det var heilt riktig, og er……eg likar ikkje at folk set ting på feil stad. Eg strever etter system over alt. Men eg har gjeve opp. I alle fall i mange år var eg nøydt til å oversjå systema. Men eg nyt det når det er tilnærma.
Det ser kanskje ikkje slik ut hos meg, men eg trivest best når det er eit system. Sjølv om eg ikkje anar kor lesebrillene mine er for tida :).
No skal eg straks pusse tenner og byssan lalle. Men først ein liten dose c-vitamin.
Ikkje lurt, nei ikkje lurt å drikke kaffi etter halv elleve om kvelden. Men veit du, akkurat det gjer eg-. Eg drikk kaffi og et eit feitande kakestykke. Deileg!!
Eg har ikkje gjort noko i dag. Men eg har hatt eit hyggeleg besøk. Vi snakka om slikt vi synest er viktig. Om levd liv og framtid. Eg vart spurt om og være med på eit kurs, så skal sjekke opp det etter eg har posta innlegget. Men eg veit nok eg ikkje må leggja opp til for mykje. Det er så lite som skal til for at ikkje er noko til.
I helga skal vi feira far, han fyller 91 år i morgon. Vi tek feiringa på søndag her hos meg. Og blir 10 rundt bordet. Så i morgon må eg være litt flinkare enn i dag. Og seinare dreg eg innom forelda mine, vi må feira litt på sjølve dagen også. Det er og sannsynleg at ei av jentene mine kjem heim i morgon kveld. Faren min ynskjer seg gamalost, men vi må da vel finne på noko meir. Men heilt enkelt er det ikkje å finna på noko.
Medan dagen deiser over i kveld og mørke fann eg ut det var min plikt og skjenke meg eit glas kvitvin. Fordi eg berre treng det.
Middagen i dag var ikkje planlagt, så eg stakk innom frysaren i kjellaren da eg kom heim. Der låg kveita som var att frå julekvelden. Og eg skjøna det med ein gong at der var middagen. Med kvitvin til. I dag er akkurat ein slik dag at det passa perfekt.
Eg tenkjer på plikt. Plutseleg har det gått opp for meg kva det er. Eigentleg dukka det opp ein dag eg skulle parkera i ei lita gate med parkeringsautomat som vil ha pengar. Ikkje kort. Eg greidde ikkje oppspora ein mynt i verken mine lommar, eller dei som var med meg sine. Da eg sto der kom ein parkeringsvakt og eg braut ut med min frustrasjon over at det forsett finnest slike gammaldagse greier. Eg går ikkje rundt med pengar lengre. Kven gjer liksom det? Det var da eg fekk vita det, at det var mi plikt etter Vegtrafikklova ein eller annan paragraf.
Etter dette har det gått opp for meg alle plikter eg har. Plikter som går ut på og lese mengder av ord, side opp og side ned. I tillegg må ein lese alle endringar som skjer. Og ikkje minst hugse det. Eg skjøna plutseleg at eg lever i eit minefelt. Av plikter.
Alle forventningane av kva eg skal kunne. Kva eg skal greie. Og skulle eg synest noko er urimeleg har eg heilt sikkert ei plikt som motseier det. Ei plikt eg skulle ha sett meg inn i. Eg kunne sikkert ha lese om plikter dagen lang, likevel ha eg nok ikkje fått med meg alt.
Så i kveld trong eg vin. Og kveite i rømmesaus. Etterpå skal eg finne senga, eg treng også ei natt med god søvn. Dagen har kravd sitt, det er ikkje alltid så lett å gje seg sjølv det riktige forsvaret. Det står plikter over alt.
Men parkeringsvakta og eg vart gode bussar, for han vifta ikkje berre med pliktane, han var også hjelpsam.
Ei god natt med beddfull av vakre draumar sender eg til deg. Ikkje fordi det er mi plikt, men fordi eg ynskjer deg det.