I år kom fastelavn seint. Det er fordi påsken er sein.
Men det er alltid ei koseleg markering. På våren som er i vente.
Og no, i mars, er vi i våren etter min måte å sjå det på. For mars er vårmånad. Sjølv om snøen la seg på nytt. Det er berre eit tynt lag. Eit tynt lag.
Og i dag såg eg nokre krokusar hadde spira så vidt. Vi er på rett veg.
Når februar fablar og framstiller seg som våren personleg, da er det berre å nyta.
Og det gjorde eg. Det gjorde vi. Stå opp til sol og femten grader i skyggen. Slå alle dører opp på vid gap.
Ta med seg matta ut på terrassen og ta solhelsinga med andletet rett mot sola. Strekkje armane så langt opp og att som går, medan ein pustar så djupt inn ein kan. Kjenna at muskalne lausnar stramme grep når ein tek kobraen og hund som ser ned.
For ein fantastisk god start på ein laurdag. Og seinare, drikka eit glas grønkålsmoothie og sjå at sola kjem seg over fjellet og lagar soldagen lengre.
Seinare vart vi innhenta, både slik og slik. Men blant anna andre begravinga denne veka, det er aldri godt når nokon forlet livet. Menneske eller eit kjært dyr. Vil skriva om å gravlegga eit kjeledyr seinare.
Så var det henta mor, vitja far, handla.
I gårkveld somna eg framom tv’n. Ei stund sidan sist.
I dag var det vind i vendinga, det bråka utanføre vindauga. Da vi skulle ut på tur, bøtta regnet ned, så sammen med vinden vart det innedag. Men ein køyretur i kveldinga, og eit kaffivitjing til ho som må greia seg aleine om dagen. Ut i veka er dei to att. Dei gle seg begge.
Og så har vi sett opp jun, men brukar ein kombutchascoby, så heilt rein jun vert det nok ikkje første gongen.
På fredag, da vi var på handletur, kom eg over to bøker eg er svært glad for. Den eine ei av Berit Nordstrand, den andre om fermetering. Spesielt den om fermetering gjer meg beint ut lukkeleg.
Slik i korte drag har helga vore. Ei god helg, tross alt.
Hovudet mitt er tomt. Dagane er kravfulle. Litt for full-, full rulle.
Men no kan eg kanskje roe noko ned. Vi er framme ved torsdagen i dette rennet som heite; mitt liv.
Og ja, eg skriv og skriv om dette. Det travle.
Kanskje er det berre tull. Berre noko eg har fått for meg.
Men uansett, i morgon har eg inga timeplan. Berre mi eiga.
I går var det eit seminar. Interessant og krevjande. Det var heldt på Romsdalsmuseet, det nye administrativbygget var ei interessant vitjing. Ikkje minst arkitektonisk.
Einaste stolane i amfiet gjekk ut over ryggen min.
Dagen i dag starta med møte om far. Han lengtar heim, men skjønar samstundes at akkurat no er sjukeheimen den beste staden å væra. Folka som arbeider der er fantastiske. Dei greier å lage eit godt miljø, dei snakkar med pasientane og gje ikkje inntrykk av at dei har det travelt. Noko dei garantert har. Og som pårørande er vi velkomne når det måtte være.
I dag var det møte om framtida og utskriving. Og kva som må til.
Mor er også godt opp i åra, så korleis skal dette leggast opp praktisk. Noko hjelp må dei ta i mot.
Men enno skal far væra der ei lita veke. Trene seg sterkare til at han kjem heim, og så skal fatla av føråt.
Det vert ei spanande tid når han kjem heim, er klart. For dette fallet resulterte i ein dårlegare situasjon for han, for dei begge. Heldigvis har far godt mot og eit friskt hovud.
I morgon må eg ta nokre ærend på grunn av denne situasjone. I verste fall må eg heilt til Trondheim. Men det finn eg ut av i morgon. Eg har inga tidsplan om å rekke anna enn det eg vinn. Og det er godt.
Sola skein på ein blå og varm dag i dag. I februar. Slikt må ein ut i.
Flaks med frimåndag og eit alldeles jublande vårvêr. Gradestokken viste ti grader.
Ein tur ned til sjøen ein slik dag kjendes så riktig. På veg ut av hagen sjekka vi knoppar på planter. Dei var sjekka ut, mange av dei, av momsande mular. Så nokre tiltak må kanskje gjerast. Men ikkje i dag.
Vi passerte vegen og labba over ekra for å klyva den nedrasa steinmuren.
Inn i bakskogen og nedover.
Til sjøen.
Den låg der som ei glede. Med tegningar på.
Gamalt gras og fargerike steinar har sin eigen skjønnheit. Synest eg.
Så er vi her, nok ein gong. Det er kveld, snart natt. Enno ein dag forsvann inn i historia.
Vil den bli huska på nokon måte?
Kanskje vil den ligge som ein smak av eit minne i framtida. Som ei kjensle. Kva veit eg-.
Kveld er det i alle fall. Eller mest natt.
Etter å ha registrert at faren min virka mykje betre i dag. Etter at mor har vore her på middag. Den gledde ho seg til, og sa etterpå at ho hadde hygga seg.
Nokre telefonsamtalar gjennom dagen.
Ein dag med mykje prat. Eigentelg.
No har vi to i huset gått inn i dataverda.
Praten har stilna. Vi er inni hovuda vår med blikka retta mor skjermen.
I morgon er det måndag. Eg har fått trilla søpla ned til vegen. Det kjentes skikkeleg godt, etter at den vart ståande over for to veker sidan.
No må eg snart finne ut om eg tek fri som tenkt i morgon, eller jobb. Eg trur eg gjer det eg har tenkt.
God natt i hus og kratt,
no er det snart natt.
Med draum og ……..
Kva kan eigentelg rima på draum da, utanom saum…..?
Laurdagskvelden smyg seg rundt meg og legg dagen mørk. Og dagane ljosnar, dag for dag.
For sola er atter her.
Våren er like bortom dagane.
Dagane som kjem i møte.
Med alt innhaldet den har å by på.
Den siste veka har trilla og tralla over himmelhvelvingen.
Med nytt, med søtt og salt, men innpass her.
Eg har ikkje hatt den store tida til å gjera meg kjent med det nye. Det ser så langt greit ut. Såpass greit at eg kan blogga om mitt.
Måndagen starta med tur til Trondheim, det vil seia, eg skulle forbi og fram til flyplassen. Men med det verste føret hittil i vinter, kom eg meg ikkje lengre enn byen. Og han eg skulle henta, måtte ta bussen inn dit.
Der var vi invitert til mellomste og samboaren. Yngstejenta kom også.
Mellomste hadde steikt skikkeleg gode vaflar. Det var godt med ein pause, før vegen gjekk heimover gjennom fokk og rokk der vegen forsvann i kavet.
Likevel, heldigvis var ikkje heimturen like ille som turen oppover.
Heime venta det meg ei nyhende som ikkje var av dei gode. Faren min hadde falt og hamna på sjukehuset. Skuldra var på nytt ute av ledd. Det skjedde også for nokre år attende. Og eg hadde ein mistanke som viste seg eg fekk rett i. Far fekk ikkje kome heim etter dette. Akkurat no er han på sjukeheimen, der han får god hjelp og opptrening. To dagar opphald har vorte utvida til ei veke.
Så det er dagar med køyring og henting av mor, så ho også får vitja han. Dei er uvante med å væra frå kvarandre. I morgon skal eg henta mor hit på middag, samtidig som vi skal sjå om far. Foreldra mine er heldige som har fått så mykje god tid saman, og får tru dei enno har mykje tid å dela.
Dei er nok for voksne til å feira Valentin.
Amerikansk og ny også for ei som har passert vel mange tiår for slikt. Men noko markering har det vore overfor dei ein har vore glade i; born og slikt, men noko raudt godteri til.
Men den tradisjonelle kjærleikfeiringa, med nokon å feira slikt ordentleg saman med, har ikkje vore der.
Så plutseleg å være i ein slik dag og skjøna at ein kunne ta ei slik feiring heilt ut, var mest overraskande. Når både dagen og kjæresten er der. Det var fint. Ikkje banalt. Berre romantisk.
Denne veka tok også overgongen frå vinter-.
–Til vår.
Der ein kunne henga klede ute.
Så slik har veka vore, med dagar som har skunda seg forbi.
Fritid og arbeide, hand i hand.
Og no er vi midt i ei helg, med sol som har krøpet langt nok til å skina på meg når eg tek solhelsinga ved starten på dagen.
Det er så mange hendingar. No er det ein pustepause i skinet frå teljosa.
Og aller først må eg dvele ved det faktum at eg er her.
Omplassert og plassert.
På blogg.no!
Først forsto eg ingenting, berre at eg ikkje fekk logga meg inn på blogSoft.
I gårkveld fekk eg ein mistanke, så eg opna mailboksen, og der, der sto det. At eg var overført. Så klart var det godt at det hadde skjedd.
Men eg har fortsatt denne krigen mot tida. Der
for har eg ikkje fått tid til å funne ut så mykje enno.
Søndag i eigne tankar. Ei stille stund der eg kan gjera det eg vil, men kjem til å velje det eg må.
Det eg tenkjer eg må.
MÅ!
Rart ord. To bokstvarar. Rimar på å få.
Kan det være ein samanheng?
Når ein må ting, får ein oftast noko att…..
Kanskje?
Men eg trur eg forlet dette temaet raskar ein raskt. Har ei kjensle at det vart eit vel konstruert tema.
Men etter kvart skal eg mykje, er plana. Noko av det eg skal, er å vitja mor med kake og ei lita gåve. Ingen av ungane mine kjem, alle var heime sist helg. Da dei var med å feira morfaren sin.
Og så får eg folk i huset i morgon. Så eg må gjera nokre tiltak slik. Eigentleg hadde eg det nokså ryddig, men så starta eg med meir rydding, slik at det vart rot. Derfor skal eg få dette avslutta og i boks-.
Dette er må’ane mine i dag.
Fekk ei lita utfordring sist helg. For det var tømming av søppel på måndagen, ei tømming som skjer anna kvar veke om vinteren. Seier at eg skal nedover med søpla, kor på sonen min svarar at den kan han gå med.
Om måndagskvelden viser det seg vi har misforstått kvarandre. Han hadde trudd eg meinte ned i søpledunken med avfall, og eg trudde han skjønte eg skulle ned til vegen med dunken.
Resultatet var ein stappfull søppeldunk som ikkje vart tømt og vi må vente to veker på neste tømming. Slik vanlegvis er den ikkje så full, men på grunn av feiring og mykje folk, vart det og meir å kaste.
I går kjøpte eg nokre solide søppelsekker for hageavfall, tenkte eg kunne samla det der.
Ute.
Og at ingen dyr og fuglar greier å krafsa opp sekken. Nokre utfordringar skal ein ha. Ha, ha.
No skal eg ta solhelsinga mi. Den tek eg kvar dag, etter eg har flytta inn i meg sjølv og kroppen er vorte på parti.
Og så….gratulerereg til alle mødrer, og alle dei som ikkje er det – ha ein fin søndag.
I kveld droppa eg fornufta. Eg hoppa over treninga. Koka meg sjokolade og piska krem til.
Riktig nok utan sukker, men veit ikkje om det hjelpe så mykje.
Da eg kom heim frå arbeid var vegane spegelblanke og glatte. Så eg kom meg ikkje opp med bilen. Det gjekk fint å gå i snøranda. Veit om fleire som har falt med resultat av brotna bein no i det siste. Så ein får passa seg.
Det er så godt å ikkje skal noko anna enn legga seg snart. I morgon er ein ny dag. Og i livet mitt er det meste bra. Mykje å være glad for.