Det bles uti mørket, huskar og riv i huset. Det er søndagskveld etter ei helg på raske bein. Begge jentene kom heim denne helga. Lenge sidan sist at begge var heime samtidig. Dei syntes også helga gjekk fort.
Ho som fylte år har feira tre dagar til ende. I dag var det besteforeldre som vart bedt. Og mostra, – tanta, som bor nedunder.
Det vart gammaldags mat. Koka laks, dvs. aure. Rømme, agurksalta, gulrot, brokkoli og potet til. Ikkje noko krims, krams. Sjokolademousse til dessert. Pavlova med mykje frukt, til kaffien.
No har eg henta og køyrd heim middagsgjester, eg har køyrt jentene til bussane som tok dei attende til kvardagen.
Utføre novene huserer vinden, men eg skal straks avslutte dagen……for eg er frykteleg trøyt.
Ja, det var slik det var ja. Eg hadde lova. Fikk avslutta telefonsamtale med ei venninne eg skulla ha snakka med lenge.
“Må dusja først” skreiv eg attende.
Så prøvde eg å få opp tempo, noko kroppen tolkar fort som stress og reagerer negativt.
Men eg fekk dusja og eg fekk samla samen det eg skulle ha med.
-Til å ta byturen når eg først var i farten. For eg hadde fått beskjed om at telefonen var ferdig, at brillene var ferdig, og yngste hadde henta klippfisken ho skulle selja gjennom at ho er med i russestyret for å tjena nokre kroner.
Så no har eg databriller og min eigen telefon. Det vil seia telefonen er ny, og ikkje fekk eg til å synkronisera da eg kom seint heim i går kveld. Så noko vart tapt, men verda går nok ikkje under for det. Eg fekk og kjøpt meg ein ladar eg kan bruka når eg ikkje er i nærleiken av strøm. Og nye øyretelefonar. Musikk og Spotify……….
Eg var innom ei helsekostforretning, kjøpt både te og sukker. Har tankar om å prøve å kutta det kvite, raffinerte sukkeret etter kvart. Trur mykje av vondtar eg har i kroppen kjem av det. Fekk og med meg nokre oppskrift hefter.
Men julegåver fekk eg ikkje kjøpt inn i går, for det var og tanken. Heller ikkje sjå etter noko til meg sjølv, eg har eit gåvekort som går ut til jul.
Yngste og eg gjekk å kjøpte oss mat. Eg syntest det smaka rart. Så da yngste også kommenterte smaken slutta eg også å eta. Og for første gong i mitt liv klaga eg på maten eg hadde kjøpt.
Vi tok i staden noko kjeks og ost saman med te hos henne før eg tok turen heim igjen.
Og ferja rugga godt på seg både på turen dit og attende.
Så da er den turen gjort unna. Den vart likevel til slutt.
Har du kjennskap til Steviosa sukker og Kokosblomst sukker?
Mest som hausten kvilar over sommaren. Og frametter vekene viser både Storm og Yr same elende.
Eg sit her og vil ut ein tur. Etter og ha snakka med meg sjølv fann eg ut at det gjekk. Eg har da regnklede. Men eg må ha musikk på øyra og mobilen var mest utlada. Det er der musikken kjem i frå. Eg har da vel Spotify.
Så da ladar vi og skriv eit lite innlegg til bloggen medan.
I kveld ba eg opp systera mi på grønkålsuppe og heimlaga is. For i går gjekk eg til innkjøp av ei iskremmaskin. Rimeleg var den og.
Elles starta eg dagen med mi yngste, da gjekk det i havre/banan pannekake med blåbær, morellar og vaniljekesam på. I tillegg hadde vi pressa juice av appelsin men litt agurk og ingefær i. Og å var det nytrekt kaffi. Mat er viktig og dette var ein god start på ein sein dag. Vi begge hadde hatt kaosdrøymar som vi fortalte kvarandre.
Etter litt rydding i huset reiste eg inn til sentrum og timane i bøkene si verd. Ho var att og rydda i sitt etter flyttinga frå hybelen. Og så tok ho bussen til Trondheim før eg kom heim, for å besøkje mellomste – før dei skulle veg å feira faren sin som runda eit nytt år i helga.
Og her sit eg. Ventar på at telefonen skal verta bra nok, 20% no. Får finna fram eit bilete og den tida det tek satsar eg at det er klart for ein tur ut i regnet.
Snart er første veka ferdig. Og eg er midt i denne to vekers kuren. No ser eg at eg nok må avbryte den på torsdag. For eg skal i gravferd der eg vil væra med i etterlaget, og til helga blir det nok feiring av ho som fyller 18 år. Men eg reknar med eg vil prøva å finne to veker seinare der eg kan få gjennomført begge vekene. Ein gong fram i tid.
Eg må seia at dette har gått greitt denne veka. Har nok vore litt slapp, men det er ikkje rart. Vart freista til å vega meg i går og fekk eit lite sjokk. På desse dagane frå måndag til i går hadde vekta minka 3,7 kilo. Er absolutt klar over at det ikkje er så bra akkurat. Men no er altså det resultatet. Elles har eg ein ny tilnærming til dette med vekt, og tenkjer å laga eit innlegg om det seinare.
Frukosten min i dag var ein ny variant. I menyforslaga sto chiafrøgraut med mango. Frøa handla eg inn for ei stund sidan på helsekost. Dei var nokså dyre.
Dette står om dei:
Dette er eit superfrø og eit av dei mest fullverdige, naturlege næringsprodukt som finnes. Det er glutenfritt. I tillegg er det eit av planteriket sine kjelder på og ha mest omega-3.
Eg skulle legge frøa i soyamjølk i gårkveld. Fraus ned nokre bitar mango som skulle i. I dag hadde frøa utsondra ein gelesubstans, så om det ikkje var graut, så var det ein tjuktflytande velling. Opp i dette la eg dei frosne mangobitane. Eg likte det, litt artig å eta – på ein måte. Smakten var mild og det var frøa som gjorde at det var artig å tygga på.
Både frøa og geleen kan brukast i matlaging, i brød, i drikke…..altså bruksområdet er mangfoldig. Dette skal eg testa ut etter kvart. Eg likar så godt å bli kjend med nye matvarer. Det er ei heil verd å leika seg i.
Likar du å prøva ut nye matsortar og har du prøvd desse frøa?
Nokre av det som rulla over natta sitt lerret var riktig plagsamt, det flagra folk i mange utgover i alt eg drøymde. Eit godt teikn på at no har det vore for mykje aktivitet for meg. Bra resten av veka har eit anna tempo.
Eg la meg halv tolv i gårkveld og vakna litt over ti i dag. Det vart ei lang natt, er mest øra her eg sit med frukosten min. Grovt rugbrød med solsikkekjener og valnøtt i. Godt med levepostdei og rødbeter. Ein kopp kaffi til. Og eit glas med heimlaga juice.
I dag tok eg ananas, grønkål, sitron, eple og ingefær.
Det smaka godt. Eg kjøpte meg denne juicemaskina i fjor ein gong. Det var eit tilbod hos Coop, så den var ikkje så dyr. Når ein har for mykje frukt og grønsaker som held på å verta for modne er dette ein kjempefin måte å få utnytta dei. Det einaste er at det blir mykje avfall og reinhalde tek litt tid. Men avfallet kan brukast, ikkje minst om ein har kompost.
Eg har allereie set i gong ei vaskemaskin med klede. Straks skal oppvaskmaskina køyrast i gong. Eg har også ein haug med papir eg må gå i gjennom og ein gjennomgong av rekneskapet mitt kan væra greitt. Og så har eg ein stabel av ved som ligg ute. Har ei plan om å legge opp ved under trappa, trur det kan være lurt og trur det vil fungera. Og så var det denne turen etter ball, potetball. Ser snøen er våt og minkande, så det bør gå greitt og sitte på i ein bil under slike føreforhold.
Så her postar eg ein kvardagsrapport for dagen før eg fortset med den.
Ha ein god dag i februar, uansett kor du her. Og så kjenn etter om du pustar godt inn heilt ned i tærne og ikkje berre øvst oppe i kroppen din.
Ferdigpizza og tende t-lys er tingen i kveld. Eg har ete middag, men hadde så lys på noko salt når eg ville væra komen heim (trudde eg, og det stemde). Så stoppa på den profilerte plassen Kyrksæterøra, godt oppøvd som eg er til å seia heile namnet, slik ein er når ein bor i nabokommunen……men Øra funker godt i daglegtale eller Kjersøra som innfødde visst nok skal seia (dette vart ei lang setning). Eg har aldri høyrd det eg (altså den uttalen på namnet), men det har mindre betyding, berre det det er sant, for om ikkje lyg eg.
Her er skrivestolen min.
Pizza med pesto og mozarella er godt. Eg kjøpte meg til og med ein sjokolade. Hadde lyst å kommentera min sunne handel da varane trilla over trillebandet, men slo det frå meg som uinteressant snakk.
I morgon-, i morgon skal eg ikkje gjera det slag – litt omskriving av ein rimeleg kjend tekst. Eg skulle -, men skal ikkje likevel det eg brukar. Det er så fantastisk fantastisk at eg fann på noko å gjera med ein gong. “Skal vi -” sa eg, “dra inn på Kyrksæterøra for å eta ball (legg merke til at eg brukte heile namnet på staden)?” For akkurat det kan eg ikkje til vanleg når eg gjer det eg brukar til vanleg (altså å dra inn på Øra på ein vanleg torsdag kan eg ikkje gjera vanlegvis). Det var mor eg stilte spørsmålet til da eg var på tur heim. Så du skjøner eg sat i bilen……. “Vi får sjå på snøen” sa ho. Sa da får vi gjera det i morgon, sjå på snøen og kanskje eta ball.
Sjå kor trøyte augo eg har i kveld, og ser du det ikkje så tru meg på mitt ord, for her snakkar eg sant heilt sikkert :).
Trur det vert ein tidleg kveld i kveld. Og ja, det har vore ein alle tiders dag. Berre at slike dagar kan kunsten og knuse energi. Så no treng eg enkelt ei lang natt, så er eg der (og her) att.
I dag kom eg heim slik eg oftast brukar, på hjul. Eg parkerte og gjekk inn. Middagen brydde eg meg ikkje å venta så frykteleg lenge med. Eg var slik rimeleg svolten. Det var tagliatelle med laks, erter og ein krema saus. Nedfrosen rest. Det smaka og eg vart slik passe mett. Men ein søthunger dukka opp. Noko lite hadde vore godt tenkte eg. Men ikkje noko goodis igjen etter helga. Og det er da eg greier å overraske meg sjølv. Etter slusing av to hundar tek eg rett og slett opp miksmasteren. På ein heilt vanleg måndag. Utan grunn. Eller…litt grunn…….og……….kanskje litt meir grunn.
Desse hadde gått langt over akseptabel modning for å eta vanleg. Eg tenkte eg kunne frysa dei ned til smoothie, men det var da eg ana ein kombinasjon……. søt hunger + banan +baking.
Så plutseleg hadde eg baka bananmuffins, med grovt mjøl og havregryn. Slik at det er ingenting å få dårleg samvit for.
Ordna meg ein kopp kaffi.
Så da var det berre å kose seg.
Dette var ikkje det dummaste eg kunne finne på ein heilt vanleg måndagskveld i all enkelheit.