Eg vil påstå eg er eit ærleg menneske. Noko som fører til at eg held meg innan loven. Stort sett.
Det er likevel eit område eg har hatt problem med.
Eit einaste eit.
Det handlar om gasspedalen og tida.
Men etter som kroppen fortel meg at evig ungdom ikkje finnest, driv eg å avprogrammerar meg. Eg har ikkje som mål å bruka kvart eit minutt til noko. Så køyrestilen er forandra. Og som eg har sagt, det er for dumt med si første fartsbot når ein nærmar seg 60.
Dagen starta i symjebassenget. Eg fall i stavar der i vatnet. Det er ikkje sikkert nokon veit kva som skjer da……men eg forsvann, stira ned i vatnet, i ljoset og opp-nedverda. Eg tenkte ikkje -, eg berre var der i det varme vatnet, det er så godt å let augo kvila i vassflat.
Etter timen var ferdig henta eg mor til tannlegetimen. Det tek ein liten time å køyra dit tannlegen er.
Det viser seg at i dag legg tida seg litt på tverke. Da vi sit i bilen er det ikkje god tid.
Så eg tek fram gamle kunstar.
Får ein bil framom meg som køyrer dyktig sedat. Den er sikkert redd for om det er glatt tenkjer eg. Da vi er ute av ein sving, blinkar den seg til sides slik at eg får passera. Framom meg har eg ei rett strekning, så eg set opp farten. Været er vakkert, sola skin og haustlauvet heilt gult.
Eg er på veg opp mot ein bakketopp, da eg kikar rett inn i ei linse.
Eg trur eg bannast -.
– Kor fort var det?
– Mista eg sertifikatet?
Eg svinga inn til den viftande politimannen og rulla ned vindauget.
Utruleg nok var eg verken skjelven eller forvirra. Berre irritert og utruleg strukturert. Det einaste er at eg prøver å vise fram bankkortet mitt i staden for sertifikatet.
Han fortel at eg fekk ikkje nokon prikk, men at eg hadde køyrd ti kilometer for fort og måtte betala eit tusen og seks hundre kroner.
Eg forklarar at vi har det travelt fordi vi skal rekke ein tannlegetime.
“Har du tannpine” spør politimannen.
– Som både var kjekk og triveleg, men nok litt i yngste laget for denne dama, som i tilegg påsto at ho snart hadde køyrd i seksti år utan noko bot.
Det lo mor mi godt av. For da hadde eg køyrd bil frå før eg var født.
Så no har eg klart det. Eg har FÅTT bot. Sjølv om ein må betala for å få den….
Men eg klarte det før eg vart seksti.
Og ei bot er nok, er det ikkje?