Sol over alle haugar

 

Den skein to gong på golvet. Sola. Den dukka først opp i den eine kløfta,

 

……og så i den neste. Den varte ikkje lenge, men den var der. Eg sat der med ein sein frukost som vart avslutta med seigmenn frå i går kveld. Eg måtte da ha nokre menn i livet mitt på ein dag som i går.

Så hadde eg funne fram eit nytt, gamalt handarbeid. Det vart liksom litt flatt, fargane var plukka ut etter eit stoff eg har liggande. Men i går skjøna eg kva som måtte til for å få fram blomsteren så den ikkje så ut som eit kors. Eg prøvde meg fram med å brodera rundt. Fann ut fargane som fungerte, så da er eg i gong att – da skal den verta ferdig til denne sommaren.

Medan eg fekk denne dosen med sol skjøna eg at eg måtte laga fastelavnsbollar, berlinarbollar og ut å gå tur.

Det vart liv i lemmer og lår. Så eg kasta meg over deigen, vog og rota saman.

Eg måtte ut.

Uuuut!

Eg måtte ut i sola. Sol ikkje gå din veg før eg er i dine strålar – bad eg inni meg. I enkel tekst betydde det; ikkje tur i skogen, ikkje ned til sjøen og ikkje langs vegen. Men langs vegen på andre sida, i fjellvegen. Eg var redd eg ikkje rakk det.

Men eg gjorde det.




Over fjorden med utsikt heim

Plutseleg sto eg der i sola. Vegen var vårleg og sølete, for den vegen på andre sida er ikkje asfalttert (etter turen la boffen frå seg sandungar på stovegolvet).

– Å lange ut i sola var ei nyting, gå i sola med sjøen glitrande nedanfor vegen.



Høyre sildringa, drypinga og fossinga av alt vatnet som rann.

Eg tenkte eg skulle gå i 40 minutt, for det var så lenge deigane skulle hevast. 





Tyttebær som har overvintra

Men tida i sola liksom tikka vekk. Da sola forsvann attom fjellet, først da snudde eg. Og turen tok i staden ein time.



Men deigen brydde seg nok ikkje så frykteleg om det. Eg fekk baka ut, steikt i omn og steikt i smult, samtidig som eg laga middag. Så bad eg opp syster mi på kaffi og bollar etter eg hadde ete frå meg middagen, og ho var lettbedt.

 

No står det att og trilla søpla ned til vegen, for i morgon er det tømming.

Elles er eg litt snufsete. Det blas nokså friskt i dag, og kanskje var eg litt for vårleg kledd. Så i kveld får eg pøsa innpå med litt C-vitamin igjen.

 

I morgon er det vinterferie i fylket mitt, og yngste kjem heim i morgon kveld. Det er koseleg. Så eg kjem til å ta litt ekstra fri den veka her, men ikkje i morgon.

 

Ha ei riktig fortreffelege veke. 

Feit mat og grått i lufta

 

Ikkje heilt slik eg såg for meg, men bort i mot. Teppa er i alle fall fri for hundeull og kattehår.

 

Att og fram er det like langt er det sagt, men alle veit det er feil. Men eg kom meg fint både fram og attende frå tannlegen. Da eg køyrde over fylkesgrensa på  tur heim, møtte eg ein grå vegg. Den kom veltanes over fjellet, så den grå dagen vart enno tanken gråare.


Før brukte alltid tannlegane å seia “gap opp”, men det har dei slutta med. I eit innfall av og vera skikkeleg i møtekomande heldt eg på å seia at tannlegen berre måtte be meg gapa meir om ho (det er ei dame) ønska det. Ikkje vera redd for å spørja liksom. Men heldigvis er det ikkje så enkelt å seia noko når ein gapar, noko som er like greitt. Ein treng ikkje seia alle dumme ting ein finn på.

 

Etterpå for eg innom apoteket, eg held på å bli tom for tannkrem. Eg hadde lyst på ein nattkrem dei fører der, men den kostar litt. Men så tenkte eg at så snill mot meg sjølv skulle eg vera. “Har du Vitus kort” spurde ho attom kassa. Og det viste det seg eg hadde i korthaldaren min, det låg så stille attom sertifikatet og var avgløymd. Og da vart tannkrem og nattkremen rett så rimeleg, så neste gong eg er innom apoteket ska eg prøva…..ja, å hugsa.

 

Tok meg og ein tur innom matbutikken for å sjå etter feittysdagsmat. Og det hadde dei, ein heil kjøledisk full. Så da vart det salta saukjøtt, røkt giseknoke og enno nokre variasjonar til. Ein pakke gulerter fekk eg og med, og ein bukett roser. Eg kjøpte meg smult, kanskje eg kan få laga berlinarbolla, for det er så lett å tenkje at en får til både det og det. Så svelta i hel er det ingen fare for.

 

 

No har eg tenkt alvorleg. Eg tenkte eg skulle lage ein kategori til i bloggen. Kanskje den skulle heita transformasjon eller noko slikt. For når fasta er i gong, da bør eg……. Eg bør slikt eg skulle……..lenge……. Slikt som gje meg energi.

Og så får eg ein heil diskusjon inni hovudet mitt som eg ikkje orkar utbrodera no. Først får eg feira det eg kan, både fastelavn og feittysdag. Men Valentin får berre feira og fara sin eigen sjø.

 

Aller først skal eg feira fredagskvelden. Djupt i godstolen. I går laga eg 10 pizzabotnar. Så menyen er både enkel og klar, ja ikkje heilt slik etenes klar og så klart ikkje alle botnane, men det skal ikkje så mykje til før ein er ferdig.

 

Det bles

 

Vinden rusker i rundt meg. Den har herja nokre dagar.

 

Først blas hagl-elingar  over marka. Kvitt og sørpete, sporete og glatt vart tilvære. Så blas alt vekk, medan regne piska ein i ryggen. No ser ute-rommet ut som ein fullkomen vår. Mest ikkje ein snøflekk å sjå. Og eg trur nokså sterkt at om skyene held seg unna, vil eg sjå at sola har vendt attende. Til huset mitt og vårt her i bakken. Eg trur eg da kan oppleva denne strålande, lysande firkanten som kryp seg bortover golva og oppetter veggene og er attende med all si kraft, sjølve sola. Og ein påminning om våren som er i emning. For neste månad er den her.

Våren.

I tillegg skal eg henta meg ein stor bukett bjørkeris i dag. Sette den i vatn. For no til søndag er det fastelavnen. Med bollar og farga fjør.

 

I dag skulle eg eigentleg til Kristiansund, møter og slikt. Så skulle eg laga middag til yngste kom heim frå skulen. Men så kom mellomste heim og eg må hjelpe henne. Den hjelpa måtte eg gje høgste prioritering. Så middagen med yngste får eg ta ein annan dag. Møtet var det berre eg som la på meg at eg måtte, trur ingen andre syntes det var så viktig at eg var der. Og å sleppa ferga i blåst er heilt greitt. Ikkje så glad i rullande bøljar med kvalme på toppane. Så da gjenstår berre eit par må’ar, og dei skal eg hamla opp med i blåsten. Men aller først skal eg blesa meg ut for å blesa inn med ein stor bukket kvister. For å prisa våren med sol i bakkane og snøklokker og kvitsymrer under buskane i emning……..snart.

 

Vandring frå bord til bord

 

Jul med din glede. Du grøne glitrande tre god dag. Det er jul.

 

Vi er framme ved femte dag jul. Dagane har gått så fort at eg mest sit her litt svimslått i dag.

Med data i fanget.

Eg har ikkje hatt tid før no. I dag køyrde eg dei siste bort. Jentene tok båten for å besøkje farmor. Dei bestemte seg for å feire nyttår saman med faren i år. Og venner. I går køyrde eg sonen og kjærasten på bussen. Dei tok tog ned att til Austlandet.  Seint andre juledagen reise faren heim. Tidleg andre juledag køyrde eg foreldra mine heim. På julekvelden var vi alle samla. I år fekk yngste mandelen. “For andre gong i mitt syttande år lange liv” sa syttenåringen.

 Vi har ete. Sa eg vi har ete? Altså, vi har ete.

Vi har gått frå bord til bord. Det starta vesle juleaftan. Da hente eg foreldra mine og vi åt lutefisk. Neste morgon kom resten av folka.


Julekvelden med kveite på bordet.



Frokostbordet 1. juledag

Det har vore kjøkenteneste over ein låg sko. Av og til syntest kroppen at den ikkje ville meir, ville ikkje stappa rundt. Men når eg høyrde summinga rundt bordet i talglysskinet tenkte eg at det var verdt det. For det var akkurat slik eg såg det for meg. Og eg fekk så klart mykje hjelp.

Gleda over å væra saman, dele ord med kvarandre, var så stor at tv’n var svart det meste av tida. Jentene var så glad over og ha broren heim, og kjærasten er ei fantastisk jente sm går så naturleg inn i familien at det er ei stor glede.  Så vi hadde nokre juledagar som var akkurat slik dei skulle. Varmen, sosialt samvær, kongerøkelse…..og mat, mat i lange baner.


Frokost 2.juledag

Det har vore eit løp frå bord til bord. I går var det min tur til å være gjest. Først hos foreldra mine der mellomste søster med mann, barn og kjæreste var. Kempetriveleg.


Kaffebord hos mor og far



Jentene mine storkosa seg i møtet med søskebarna

Så køyrde eg jentene heim og drog vidare til ei venninne der det var ein gjeng hyggeleg damer samla. I går var det gammelsalta sei, som er ein nydelg rett frå det gamle Norske kjøken.

Elles har de vore dei tradisjonelle julerettane; ribbe, pinnekjøtt, lutefisk og kveite. Saman med julefrukosten med sildesalatar, sylte, eggerøre, laks både røkt og grava, roastbiff, ostar og alt tilbehør.

 

Vi har ete, vi ha kosa oss, eg er heldige som får lov til å trivest med å dele tida og varmen med folk eg er glad i. No er eg framme med eit par dagar i eige selskap. Det er godt det og. Ta turen hit inn. Inn i data verdenen. Seinare i dag skal eg skrive eit julebrev/ nyttårsbrev eller starta på det. Ei oppsummering. Det gle eg meg til, summera og tenke framover.

 

Elles er det vått og den kvite julesnøen har forandra seg til vegar med utfordring. Så godt og skal halde seg i ro inne, legge ved inn i omnen og pusle med litt smått og stort.

 

Ha ei fortsett riktig god jul.

 

Ljoset kjem attende

 

Da er alt snudd. Trillrundt, over bakkar og tilbake igjen. Vi har passert vintersolverv.

 

Og akkurat det er verdt og markera. Med eit blogginnlegg. For no skal alt snu. Etter sju magre kjem sju feite-, er det sagt. Eller var det sagt. Kva som er magert og kva som er feit treng vi ikkje utdjupe nærare her. Men no har vi passert punktet da alt var som mørkast. Tre over tolv i natt. Så no er det oppturen, no vil det ljosna. På alle baugar og frontar.

 

Slik er det for slik må det væra. Men først skal vi feira jul.





 

I går henta vi treet. Eller trea. Slik omtrentleg to og eit halvt. Vi traska veg med saga. Boffen, mellomste og meg. Fine fargar kvilte over naturen og desemberdagen.

 

I dag vakna eg tidleg. Sov no berre litt lengre sa eg til meg sjølv. Men da eg skjønte det var umuleg sto eg opp. Kanskje har det noko med at alt har snudd, eller kanskje er det jula som bankar så kraftig på døra.

 

Om nokre timar køyrer vi mot sentrum, ei skal dit, ei skal slik og alle skal vi handla. I bilen er det lagt glas og hermetikk som skal til kildesortering. Eg skal og henta eine eller begge foreldra mine for dei skal også handla. Og når alt er gjort og dei køyrd heim igjen, snur vi også nasen heimover. Berre for og passera heimen, for da vert det både polferd og kanskje eg kan finne meg eit selskapstelt.

 

Og som avslutning på dagen skal alt resten skje. Det eg ikkje rekk før eg skal på farten no og alt det andre. I det ligg det så mykje at eg trur tida må utvidas ørlite. For alt frå pynting, mekking av fleire sildesalatar, dessert……og..og..eit par ting til skal da helst skje. Men eg sit her og er forbausande avslappa og utan stress. Tenkjer eg lagar meg ein kopp kaffi til før eg er i gong. For alt, absolutt alt vert akkurat slik det skal.

 

I morgon blir begge jentene med meg når eg berre skal slik ein må og ALT er klart her. Dei skal plasserast hos mor og far. Ikkje for at dei skal passast på, nei dei åra er for lengst forbi. Men dei skal hjelpe dei med juletre og alt slikt. Etterpå hentar eg alle Home for Christmas, jentene og foreldra mine. Så da startar alt. Med tende juleljos, lutefisk og vesle julaftan om skal nytast slik den aldri er gjort før. Og da skal julefreden senka seg over eit julepyntahus medan vi ventar på dei siste gjestane som kjem på julekveldsdagen.

 

 

 

Det er kvitt og det er litt av kvart

 

 

Det dalar ned det kvite vi ynskjer oss til jul. Så da er alt slik det skal være.

 

Vi må gå ut frå det, at alt er slik det skal være for den enkelte. Her er det brødbaking på gong. Svært grovt brød med både aprikos, svisker og mandlar i, og grov rug. Svært godt under ribberull og anna salt pålegg av kjøtt. Elles skal eg bake ut noko lefse som skal steikes. Kanelstjerner står på programmet, kanskje rekk eg sette ein gorodeig. I år må vi ha det på kakefatet.

Juletreet kan venta, juletreet må venta. For no er det mørkt. Timane har gått. Eg ryddar og bakar og ryddar. No har vi ete risgraut. Fann så mykje eg måtte ta opp frå fysaren da eg skulle få plass til kalkunen til nyttårskvelden. Blant anna risgraut.

 

Jul er lik mat. Mat og talglys og blomster og folk. Folk ein kan dela varmen med. I år vert vi åtte . Og nokre kjem på veslejulaftan. Da skal vi ha lutefisk. Det var eg van med i min oppvekst at vi hadde om julekvelden. Så tenkjer eg vi skal sjå Hovmesteren og grevinnen til ein kopp kaffi, eller kanskje gløgg. Men vi startar julefeiringa eit døgn tidlegare enn kva vi tidlegare har gjort i år. På julekvelden kjem resten av gjestane. Eg er ikkje sikker kva tid enno. Men vi skal uansett ha graut med mandel i midt på dagen, og om kvelden vert det kveite. Første juledagsmorgon skal vi ha ein stor frukost. I år vert det fleire brødsortar enn tidleg, det er viktig at denne frukosten er innhaldsrik, riktig lang og triveleg. Til middag første juledag er det ribbe med riskrem etterpå.

 

Sa eg at jula er mat. Altså mat.

 

Eg reknar med at nokre gjestar fer andre juledag, og dei siste fjerde dag jul. Den dagen er eg bedt bort.

 

No må eg nok avslutta denne kvilestunda med mattankane. Skal det verta slik som tenkt må eg berre attende til arbeidet.

 

3. søndag

  

I advent. Om fjorten dagar er vi midt i romjula. I dag tenner vi tre ljos.

  

Eg har sove og drøymd. No over ein kaffikopp huskar eg ingenting. Men føler at dei var gode.  

Dagen er i gong. Eg har tenkt å baka. Men er ikkje heilt sikker på kva, kva eg skal plukka av lista mi. Fann noko som heite kanelstjerner, dei har eg lyst til å prøva. Og så må eg hente yngste jenta mi. Ho var bedt i fødselsdag i går kveld. Den var heldt der besteforeldra bor, så ho skulle overnatta hos dei. Så da slo vi mange fluer i eit smekk, midt på vinteren………dette skulle være morosamt altså.  

Eg fekk beskjed om at bilen var ferdig, så henta den. Henta mor så ho fekk handla. Eg var litt tafatt, men fekk kjøpt inn julebrusen. 

Og så køyrde vi heim til foreldra mine. Dekte på bordet for å eta.

Nei…., vi åt ikkje gamalost i djuptallerkner. Men da gamalosten faren min sverer til hamna midt på bordet syntest eg det såg så morosamt ut.


Vi åt graut.

Og etterpå kaffi med lussekattar til. Og dei var kjøpt.

Tenk det!

For først gong på over tjue -, tretti år gløymde eg at det var st. Lucia.

Ein gong, da barna var små, tok eg med meg ein haug med lussekattar og reiste ut til foreldra mine på overrasking. Da budde vi ein og ein halv køyretime unna. Jentene hugsa vi sto opp tidlig. Eg hadde en gong en ide om å ta med meg nybaka lussekatter og dra på besøk til nokon kvart år. Og  det vart eit besøk i går også, men med kjøpte utgaver. Dei var nok ikkje så gode.

 

Men no må eg til å virke. Ha ein fin søndag.

 

Andre desember

 

For 21 år sidan kom ho. Ein liten, varm bylt vart lagt i armane mine.


 

 Det var ei slik tillitsfull tyngd i den vesle jenta. Eit nydeleg, nytt lite menneske var kome.

I går var det 21 år sidan. Eg hadde sagt tydeleg i frå at vi ville feira. “Asbjørg kjem”, sa eg til Lucas. Han spissa øyra og sprang bort til vindauga og pistra. Samstundes kom bussen og eg slapp ein glad hund ut som byksa henne i møte.

 

I går feira vi. Eg rakk ikkje frukosten på senga, for plutseleg var jenta stått opp og der. Så vi tok den i fellesskap i stova.

 


Miranda ville gjerne delta. Dyra søkjer seg i nærleiken til henne som runda år. Det gjer dei uansett dag, når ho er heime.


Vi skulle ha ein triveleg dag, og ho valte vekk stress. Ho tende ljos over alt i god tid før gjestane kom. Eg fekk streng beskjed om å gå og ordne meg. “Ja, men teppet er ikkje støvsuga” sa eg. Men skjønte det var feil svar. Og på badet hadde ho også tend ljos. Det var frykteleg godt og å skru på dusjen i skinnet frå blafrande ljos. Det skapa ei eiga ro.

 

Og før gjestane kom fekk vi tid til ein kopp kaffi.

 

Ettermiddagen og kvelden vart koseleg med varme både i rommet og i sjela.

 

Ein og to er tre

Sola skin innover golvet i lange banar og på fatet ligg ein gjeng flekkete bananar. Sola rullar enno over fjella, men eg trur ho blir litt oppskrapa under magen. I natt har mister frost vore på vitjing, det låg att vitnemål i skuggane.

Og eg har ferie og hadde ei nokså god plan om strand og sommarklede og slikt. Fordi eg trudde eg kunne ha godt av det. Men så spekulerte eg på at eg kanskje ikkje ville ha godt av det likevel. Sanden og stranda med ei bok har nok fungert fenomenalt. Men så var det den haugen med papir eg berre må igjennom og som ikkje kunne venta, – kan ikkje venta lengre enn til i morgon. Den er så frykteleg vanskeleg å koma til denne dungen. Det er frykteleg dumt, men slik er det. Så ferien min vart eit opphald framom ein papirdunge. Men i morgon er eg fri. I morgon må eg væra fri og ferdig med dungen. Men sola skin og det er godt. Det vert lettare da.

Eg er nokså flink til å plaga meg sjølv. Det skal eg slutta med.

I går greidde eg ikkje finne unnskyldningar for å ikkje køyre vekk eit lass søppel. Eg streva med å få hengaren på, den sto så kjelkete til og var så tung. Eg sukka, stønna og pesa og hadde så klart lyst å berre gå i frå det. Men eg tenkte på kor godt det ville verta etterpå, når det var gjort. Uansett kor sur mannen som er sjef over søppelet ville bli når eg kom, over mine ryggeeigenskapar. Eg har vore i disputt med han før.

Eg innrømmer det tvert, eg er ikkje flink til å rygge med hengar. Og det liker ikkje han som bestemmer over plassen, han syntes ikkje eg hadde noko der å gjera med ein hengar da. Så da vert turen dit eit enno større tiltak enn berre å slite med å fylla hengaren full og få den på bilen.

Sist eg var der bestemte meg for å få til rygginga, og da gjekk det faktisk. I går fekk eg sola rett i augo da eg skulle rygge meg attover, så eg kom ikkje dit eg skulle. Det kom og ein bil til som kunne rygge, og eg syntest han tok på seg eit oppgjeve ansikt, mannen, ikke bilen, – men eigentleg drit eg i menn som tek på seg forskjellege ansikt  når dei sit bak eit ratt.

Det er noko med menn og ratt. Sist eg var i Trondheim var eg utsett for eit par av desse mennene som tek på seg dette spesielle oppgjeve ansiktet. Den eine fløyta til og med, og eg må seia eg ikkje skjøna kvifor. Det er ikkje så enkelt når det er vegarbeid og du ikkje kan køyra dit du skal.

Den andre reaksjonen var ein mann som rista sakte fram og attende på hovudet, slik frå side til side.. Som ei slags øgle. Det eg gjorde var så forferdeleg at han måtte riste sakte att og fram på hovudet for å understreka kor ille min opptreden var. For han trudde sikkert at da ville eg verta så mykje betre når han rista på hovudet som i sakte kino. Kor dum går det an å bli tenkte eg. No var det ikkje så ille det eg gjorde, eg heldt på å køyre inn på ein veg, men stoppa da eg såg bilen til denne mannen kom. Men eg køyrde litt for langt fram, men ingen fare for noko samanstøyt .

No er det slik at i motsetning til rygging med hengar, så veit eg at eg er ein nokså bra bilkøyrar. Så eigentleg er menn som skal understreka med ansiktsuttrykk kva dei synest om mi bilkøyring komisk, og det er bra – for dei har kunne ført til at eg har vorte usikker. Det har ingen hatt noko bruk for. Ein tanke for menn med for mykje ansikt bak eit ratt.

 

Men i går var mannen som er sjef over søppelplassen heilt eineståande, mest som ein kunne kalle han for blid. Da eg sa eg skulle eigentleg ha stått der, for det var mest av slikt søppel eg hadde, sette han seg utan å kny inn i bilen for å rygge den på riktig stad. Men eg såg også han hadde problem med å rygge med sola i augo.  

Og til slutt, etter og ha køyrd enno fleire lass med hengaren vil eg og verta flink. Men eg har ikkje teke meg tid til å øve.

 

Vi menneskjer har så lett for å tru for mykje at vi veit. Vi veit eigentleg så frykteleg lite. Vi veit det vi har erfart og lært. Men alle har vi så alt for lite kunnskap til å vite alt. Og mang ein gong er det slik at dess mindre vi veit desto meir trur vi at vi veit. Heile tida vert vi utsett for påverking av at vi skal ta til oss ei særskilt haldning. For eksempel kan ein sjå på presentasjonen av nyheite frå NRK og TV2, dei kan ofte ha ei vinkling som avvik frå kvarandre. Dei vil ha oss til å tenkje på forskjellege måtar.

Så har vi fått eit program på NRK som kallast Folkeopplysningen, der dei legg legevitskapen til grunn. Dei klaskar i bordet forskingsresultat på eit slikt vis at vi skjønar kor dum vi har vore fordi vi har trudd på slikt som kiropraktorar og kinesiologi, for her er vi narra fortel dei oss.

Eg tenker det er mest utruleg at ein i 2014 kan senda eit slikt program, der ein latterleggjær andre profesjonar under naturvitskapen si fane. Men som sjåar kan du ikkje etterprøva dette, for du har ikkje kunnskapen, det vert ei sak du brukar  følelsane på. Og det er dei vi brukar, etter vi har vorte påverka i den eine eller andre retninga.  

Tru på naturvitskap eller Gud.

Og alt, heile tida vert vi bombardert med argument for at vi skal meine det eller slikt.

Takke meg til menn med ristande hovud, dei er for oftast enkle og ukompliserte. Du veit kva dei vil ha.

 

Sola lagar lange skuggar. Men den er her enno. Eg skulla ha vore ute for å lytta på den, for kva den ville seia om saka. Men den tie klokleg stille. Eg har tenkt at når eg er kome dit at eg ikkje treng å seie meir, da har eg nådd målet. Da er eg vorte klok. Når alle kan halde på med sitt og eg kan berre bruka øyra. At munnen min ikkje treng å uttale eit ord. Men eg er inga sol. Eg er berre meg, med alt for mange ord som eg må tømma meg for. Og det er for så vidt greitt det.
For meg.

Nyt sola.

BforBakk

Og alt går sin gang

 

Ei helg er snart over. Sola skin enno gjennom vindauget mitt takka væra flyttinga av klokketida. Eg trur at det er enno er lenge til kveld, men veit at det ikkje stemmer. Kjenner kvelden har eit vemodig strøk. Jentene mine har reist etter helga. Ho midt i mellom vil det nok bli ei stund til kjem gåande opp vegen til huset, ei stund til legg seg i senga si, ei  stund til……

Ei frykteleg lang stund til.

Ei stund som rekk over tre månader.

Ei stund der eg er den som sit heime og ventar, ei stund der fantasien har fritt spelerom, ei stund der eg vil kjenne kva det er å væra så inn i hampen glad i nokon som eg ikkje når slik rett fram.

 

For mer

BforBakk